Kommunal bustad

Som kommune har vi eit ansvar for å bidra til at alle har ein god og trygg stad å bu. Vi kan medverke til å skaffe deg ein stad å bu, om du ikkje klarar dette på eiga hand.

Slik søkjer du

Søknadsskjema kommunal bustad

  • Før du opnar skjemaet, leit fram dokumentasjon som visar kva inntekt du har og husleigekontrakt for noverande bustad.
  • Er du skilt eller separert, må du legge ved kopi av skifteavtale.
  • Er du utandlansk statsborgar, må du leggje ved kopi av pass eller opphaldsløyve frå UDI.

Fyll ut søknaden, signer og send skjemaet til:
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Du kan også levere skjemaet i resepsjonen på rådhuset. Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post til kommunen.

Vi handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får svar frå oss innan 4 veker frå vi har mottatt søknaden din.

Kva kostar det?

Leigekontrakt etter avtale.

Kva får du?

Gjennomgangsbustad er eit mellombels butilbod. Leigekontrakten vil normalt ikkje vare lenger enn tre år.

Krav til søkjar

Målgruppa for tilbodet er økonomisk og sosialt vanskelegstilte, flyktningar, eldre, funksjonshemma eller andre som treng hjelp i ein kortare eller lenger periode.

Du som søker må:

  • Vere fylt 18 år.
  • Vere utan bustad.
  • Registrert i folkeregisteret som busett i kommunen, og ha opphaldt deg her dei siste 12 månadane.
  • Vere norsk statsborgar eller i introduksjonsprogram for flyktningar.
  • På grunn av sjukdom eller sosiale årsaker ha trong for endring av noverande bustadforhold.
  • Låg inntekt.
  • Ikkje skulde husleie til kommunen.
  • Ikkje ha mislighalde kommunalt lån.

Har du blitt kasta ut av ein kommunal bustad, kan du ikkje søke på nytt før det har gått eitt år.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.
Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 25.09.2018