HeimHelse, sosial og omsorgKlage på helse- og omsorgstenester

Klage på helse- og omsorgstenester

Kva kan du klage på?

  • At du ikkje har fått tilbod om den tenesta du ønskjer
  • Forhold ved tenesta som du ikkje er nøgd med
  • Kritikkverdige forhold
  • Saksbehandlinga

Klage på vedtaket

Dersom du er misfornøgd med vedtaket, kan du klage. Klagefristen er fire veker frå motteke vedtak jamfør Lov om pasient- og brukarrettar § 7-5.

Sidan klagen mest sannsynleg inneheld sensitive opplysningar om deg, er det ikkje trygt å sende klagen på e-post. Klagen kan du levere på rådhuset eller sende til:

Meland kommune, pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Når vi får klagen, må vi gå gjennom vedtaket på nytt og vurdere ei endring. Dersom vi ikkje endrar vedtaket, sender vi klagen din vidare til Fylkesmannen i Hordaland.

Trykk her for å lese meir om klage på helse- og omsorgstenester

Klage på tenesta

Er du ikkje nøgd med tenesta du får, til dømes på ein sjukeheim, bør du først og fremst ta kontakt med leiinga på sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du ikkje er nøgd med og ønskjer at vi skal endre.

Dei som mottar klagen din, må undersøke saka og endre tilbodet dersom det ikkje er godt nok. Får du ikkje medhald, kan du sjølv sende ein skriftleg klage til Fylkesmannen i Hordaland.

Trykk her for kontaktinformasjon til Fylkesmannen i Hordaland.

Får du medhald, kan Fylkesmannen starte ein tilsynssak. Då må kommunen utbetre eventuelle feil. Får du ikkje medhald frå Fylkesmannen kan du klage til klage til Sivilombudsmannen.

Trykk her for å gå til sida til Sivilombudsmannen

Meir informasjon


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 21.09.2018