HeimHelse, sosial og omsorgSøkje om individuell plan og koordinator

Søkje om individuell plan og koordinator

Har du behov for fleire helse- og omsorgstenester over lengre tid, har du rett til å få utarbeidd ein individuell plan dersom du ønskjer det. Planen skal sikre at du får eit heilskapleg tenestetilbod tilpassa akkurat deg.


Slik søkjer du

 Slik søkjer du

Søknadsskjema om individuell plan

Søknaden sendast: 
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva får du?

Individuell plan er eit dokument som hjelper deg til å setje personlege mål for korleis du kan få det betre. Planen skal seie noko om korleis du skal oppnå desse måla, som du sjølv er med på å utforme. Planen skal gi oversikt over kva behov du har for offentlege tenester, kva du sjølv er ansvarleg for og kva det offentlege hjelpeapparatet er ansvarleg for. For barn og unge er det føresette som er med og bestemmer innhaldet i planen.

Du får oppnemnd ein koordinator som skal sørgje for nødvendig oppfølging, samordning av tenestetilbod og framdrift i arbeidet med planen. Sjølv om du ikkje ønskjer å få utarbeidd ein individuell plan kan du be om å få oppnemnd ein koordinator.
Kommunen har hovudansvaret for å lage individuell plan dersom du har tenester både frå kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva skjer vidare med søknaden din?

Forvaltningskontoret vil handsame søknaden så snart det er mogleg. Dersom du fyller vilkåra for individuell plan eller koordinator vil forvaltningskontoret ta stilling til kva tenesteområde som skal få ansvar for å oppnemne ein koordinator.

Dersom vi ikkje kan gi deg eit endeleg svar innan ein månad, skal du få skriftleg melding om grunnen til det og når du kan vente eit endeleg svar.

Kva er ein nettbasert individuell plan?

Det er mogeleg å ta i bruk digitale verktøy. Du som eig planen skal ilag med koordinator avklare kven andre som får tilgang til planen din.

Når planen er sett i verk, vil dei som skal ha tilgang til planen få tildelt brukarnamn og passord.

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 26.11.2018
Publisert: 05.07.2018