Tryggleiksalarm

Kva er tryggleiksalarm?

Ein kan ved hjelp av tryggleiksalarm tilkalle hjelp i akutte situasjonar. Tryggleiksalarmen er knytta til ein vaktsentral som formidlar kontakt vidare til heimesjukepleien. Alarmen er knytt til fasttelefonen eller mobil til søkjar.

Kven kan søkje?

Tryggleiksalarm er eit tilbod til eldre, personar med nedsett funksjonsevne eller andre som kjenner seg utrygge ved å bu aleine. Tryggleiksalarm er ikkje ei lovpålagt teneste, men kan ytast for å dekkje eit hjelpebehov som gjev rett til hjelp etter Lov om pasient- og brukerrettigheter § 2-1a.

Slik søkjer du

For å søkje om tryggleiksalarm, nytt følgjande skjema:

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Utfylt skjema kan sendast til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva kostar det?

Eigenbetaling for tenesteyting innan helse- og sosialetenester

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 21.09.2018