Treng du støttekontakt?

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse og omsorg

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva får du?

Tenesta skal hjelpe deg til ei meiningsfull fritid og samvær med andre.

Dersom du ønskjer det, kan støttekontakten:

  • Komme heim til deg
  • Bli med på kino
  • Bli med på trening eller andre sosiale aktivitetar

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp til å ivareta ei aktiv og meiningsfull fritid.

Kva kostar det?

Det er gratis å ha støttekontakt. Du må dekkje dine eigne utgifter til aktivitetar som du og støttekontakten er med på i lag.

Har du følgjekort, kan støttekontakten din få gratis eller rimelegare inngang mange stader.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for støttekontakt. Vi behandlar alle søknadar etter kvart som dei kjem inn til oss.

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 02.11.2018