HeimHelse, sosial og omsorgHeimetenesterVil du bli støttekontakt/fritidskontakt

Vil du bli støttekontakt/fritidskontakt

Som støttekontakt/fritidskontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid.

Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!

Slik søkjer du 

Søknadsskjema - bli støttekontakt

Utfylt skjema kan leverast i resepsjonen på Rådhuset, eller sendast til:

Meland kommune ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Krav til deg

  • Du bør vere minst 18 år
  • Du må kunne leggje fram politiattest
  • Du må vere trygg på deg sjølv og like å vera saman med andre
  • Du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser

For å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bind deg for minst eitt år.

Kva skjer vidare?

  • Vi prøver å svare deg innan fire veker
  • Vi kallar deg inn til ein ein samtale for å finne ut meir om deg og gje deg meir informasjon om det å vere støttekontakt
  • Dersom vi ikkje har nokon ledige oppdrag når du søkjer, legg vi søknaden din til side og finn den fram når vi har behov for nye støttekontaktar

Kontakt

 


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 02.11.2018