HeimHelse, sosial og omsorgHeimetenesterPraktisk bistand/heimehjelp

Praktisk bistand/heimehjelp

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

For å søkje om heimehjelp kan du sende inn søknadsskjema om kommunale helse- og omsorgstenester, eller ta kontakt med kommunen på telefon: 56 17 10 00.

Tenesta vert tildelt etter søknad ut frå fagleg vurdering av behov. Det vert fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta.

Kva får du? 

Tenesta inneheld naudsynt praktisk hjelp i heimen til alle daglege gjeremål. Tenesta er for personar som har særskilt trong for heimehjelp i heimen på grunn av sjukdom, funksjonsnedsetting, alder eller av andre årsakar.

I vurderinga av trong for hjelp tek ein omsyn til:
  • Den enkelte sin moglegheit til å klare, eller å ta del i oppgåvene
  • Om det er ein ektefelle, familie, eller andre som kan ivareta eller ta del i oppgåvene
  • Om det fører til helsemessige konsekvensar dersom hjelpa ikkje vert gitt
Du kan mellom anna få hjelp til:
  • Reingjering
  • Klesvask - normalt kvar 14. dag
  • Alminneleg reingjering av rom som er i dagleg bruk; golvvask, støvsuging og vask av bad/WC
  • Skift av sengekle
  • Handling

Kva kostar det?

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du må betale for heimehjelpa.

Oversikt over eigenbetaling helse- og omsorgstenester

Les meir

Les meir i tenestestandarden for praktisk bistand/heimehjelp

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 03.01.2019
Publisert: 25.09.2018