Matlevering

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kven kan få matlevering?

  • Du må vere ute av stand til å ivareta ditt eige ernæringsbehov
  • Du må forplikte deg til faste leveringsdagar

Kva får du?

  • Middag vert levert i samsvar med vedtak
  • Middagen vert levert mellom klokka 12.15 og klokka 13.30
  • Det vert levert ein porsjonsstorleik à to rettar; anten middag og dessert eller middag og suppe

Praktiske opplysningar

  • Du må søkje om tenesta. Vedtak om matlevering vert innvilga dersom du fyller vilkåra for denne tenesta
  • Diettmat vert levert dersom det er medisinske årsakar til det
  • Avbestilling må skje seinast klokka 14.00 dagen før
  • Brukar må vere tilstades ved levering, eller syte for at nokon tek i mot maten
  • Treng du å auke eller redusere antal dagar med matlevering må dette avklarast med avdelingsleiar

Kva kostar det?

  • Faktura vert sendt ut på etterskot etter kvar månad
  • Pris per porsjon vert vedteke årleg av kommunestyret 

Eigenbetaling for tenesteyting innan helse- og sosialetenester

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 21.09.2018