Kvardagsrehabilitering

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Kva får du?

Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa og intensivt tilbod, 5 dager i veka i inntil 6 veker. Dette er aktuelt for deg som opplever at kvardagslege aktivitetar byrjar å bli utfordrande og vanskeleg å mestre. Vi spør deg kva slags aktivitetar i livet ditt som er viktig for deg å meistre i kvardagen din. Eit tverrfagleg team gjer ei systematisk kartlegging, og saman med deg vert det utarbeidd mål som du meiner er viktig å mestre. Det tverrfaglege teamet jobbar saman med deg for å nå dei måla du sett opp.

Det tverrfaglige teamet er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleier og heimetrenarar som ønskjer å bidra til at du når måla dine.

Krav til søkjar

Kvardagsrehabilitering er for deg som

  • har fått nedsett funksjon akutt eller gradvis det siste halve året
  • ønskjer å meistre kvardagsaktiviteter igjen heime eller i nærmiljøet
  • er motivert for å gjere ein eigeninnsats
  • kan forstå og gjere deg forstått, med andre ord må du kunne ta instruksjon og følgje eit enkelt program med øvelsar

Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er gratis.

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 11.04.2019
Publisert: 10.10.2018