Hukommelsesteam

Kven er vi?

Teamet består av 4 sjukepleiarar med vidareutdanning innan aldring og helse. Lege og ergoterapeut er også tilknytta teamet. Vi er tilknytta ei ressursgruppe, leia ut frå Olaviken alderspsykiatriske sjukehus.

Tilbod

  • Utgreiing ved mistanke om demenssjukdom ved samtale med pasient og pårørande
  • Vurdere behov for hjelp og bidra ved søknad om tenester i kommunen
  • Vurdere behov for hjelpemiddel som kan hjelpe på tryggleik i heimen og støtte opp om hukommelsen
  • Sikre tryggleik i heimen, særleg med tanke på brann- og fallfare med meir
  • Rettleiing av pårørande og helsepersonell
Kvifor er demensutgreiing viktig?
  • For å utelukke andre sjukdomar som har demensliknande symptom
  • For vurdering av medisin
  • For å kunne leggje til rette heimesituasjonen for personar med demens og deira pårørande
  • For å kunne setje i gang tiltak til rett tid

Kontakt

Du når oss også ved å ringe heimesjukepleien i kommunen:

  • Telefon kontoret på Frekhaug: 99 27 74 82
  • Telefon kontoret på Vikebø: 95 81 69 32
Kven kan ta kontakt med oss?
  • Personen sjølv, pårørande, naboar, vener og slekt kan ta uforplikta kontakt med oss.
  • Helsepersonell i kommunen og fastlegar.
Kjenner du nokon som:
  • Gløymer ting som nettopp har hendt
  • Gjentek historiar
  • Er forvirra i forhold til tid og stad
  • Har problem med å gjenkjenna folk
  • Gløymer innlærde ferdigheter
  • Har fått forsterka personlege trekk
  • Har fått svekka dømmekraft
  • Har problemer med å klare seg sjølv i kvardagen?

Då kan du ta kontakt med oss.


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 21.09.2018