Heimesjukepleie

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

For å søkje om heimesjukepleie kan ein ta kontakt med heimetenesta. Søknad bør sendast på eige søknadsskjema, og det bør liggje ved ein utfyllande legeerklæring om helsetilstand.

Du kan også leggje fram ein munnleg søknad og heimetenesta kan hjelpe deg med å få tak i dei opplysingane dei treng for å handsame søknaden. Alle søknadene vert vurdert med eit heimebesøk frå tenesta.

Ved vurdering av søkjar sine behov for hjelp legg ein særskilt vekt på:

  • Om søkjar ut frå ein sjukepleiefagleg heilskapleg vurdering er heilt eller delvis avhengig av helsehjelp for å ivareta sine grunnleggjande behov
  • Om søkjar er avhengig av hjelp til legemiddelhandtering, ulike typar prøvetaking, stell av sår med meir

Tilbodet om teneste vert sett i samanheng med anna hjelp søkjar eventuelt mottek frå kommunen. Det vert fatta enkeltvedtak ved tildeling av tenesta. 

Kva får du?

Du kan mellom anna få hjelp til :

  • Medisinhandtering
  • Dagleg stell
  • Råd og rettleiing om kosthald og helse
  • Råd og retteleiing slik at du sjølv kan meistre oppgåver som til dømes å lage til medisin, skifte stomi med meir.
  • Å stå opp, legge deg og toalettbesøk

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis.

Les meir

Les meir i tenestestandarden for heimesjukepleie

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 05.07.2018