Avlasting

Omsorg for eldre

Dei som har omsorg for eldre kan få følgjande tilbod: 

Dagsenter for eldre

Dagsenter er eit tilbod til eldre heimebuande i Meland kommune. Senteret er lokalisert på Meland sjukeheim.

Brukarane av dette tilbodet må søkje om plass og få det stadfesta med eit vedtak. Her får dei frukost og middag, trim og andre aktivitetar samt sosialt samvær.

Målsetjing for tilbodet er å:

  • Skape kontakt mellom heimebuande og brukarane på institusjonen
  • Gje tilbod om aktivitetar og service
  • Bryte einsemd og etablere kontakt
  • Avlasting til pårørande
  • Lage eit miljø der tryggleik og glede står i fokus

Ordninga er ikkje heimla i lovverk som ein rett, men Meland kommune vurderer opphald etter søknad. Forvaltningslova sine reglar gjeld for sakshandsaming. Du kan ta kontakt med heimetenesta på telefon 56 17 10 00.

Sjukeheim, kort- og langtidsopphald

Vi har fire avdelingar:

  • Norgardstunet - langtidsavdeling med teneste til 18 bebuarar/pasientar.
    Adresse: Havnevegen 14, telefon: 94 53 23 79
  • Lerketunet - avdeling for 12 bebuarar/pasientar som lever med demens sjukdom.
    Adresse: Havnevegen 12, telefon: 94 53 23 72
  • Solkroken - korttids- og rehabiliteringsavdeling til 9 pasientar.
    Adresse: Havnevegen 14, telefon: 94 50 72 48
  • Dagsenter - dagavdeling for heimebuande personar og pasientar/bebuarar ved sjukeheimen.
    Adresse: Havnevegen 14, telefon: 56 17 12 58

Omsorg for barn eller unge 

Har du særleg tyngande omsorgsoppgåver for barn eller unge har ein følgjande behovsprøvde hjelpetiltak:

  • Avlasting hjå ein anna familie
  • Avlasting i avlastingsbustad
  • Avlasting på ettermiddag og i feriar

Andre avlastnings- og støttetilbod

Slik søkjer du

Søknadsskjema helse- og omsorgstenester

Søknadsskjemaet kan du sende til:

Meland kommune
ved pleie og omsorg
Postboks 79
5906 Frekhaug

Sidan søknaden din kan innehalde sensitive opplysningar, er det viktig at du ikkje sender søknaden på e-post.

Timeliste for avlastarar

Avlastarar kan finne timeliste her.

Les meir

Les meir i tenestestandard for avlasting

Kontakt

Slik klagar du

Her finn du informasjon om korleis du klagar på helse- og omsorgstenester.


Sist oppdatert: 30.01.2019
Publisert: 21.09.2018