Kvardagsrehabilitering
Kvardagsrehabilitering er eit tiltak for deg som ikkje meistrer kvardagen som før. Det kan gjelde personleg stell, matlaging, reinhald, deltaking i sosiale samanhengar eller andre daglege aktivitetar. Rehabiliteringa skjer i eigen heim og nærmiljø.
Målet for kvardagsrehabilitering er å:
- Auke livskvalitet og meistring
- Redusere og utsetje behovet ditt for meir omfattande kommunale tenester
Slik søkjer du
Trykk her for å laste ned søknadsskjema for helse og omsorgstenester
I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å sende søknaden på e-post. Lever søknaden og vedlegga på eit av våre kontor for innbyggjarservice som du finn i 2. etasje i promenaden i Amfi Knarvik, i kommunehuset på Frekhaug eller i kommunehuset på Manger. Du kan òg sende dei til:
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Postboks 4
5906 Frekhaug
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no
Vi har begrensa kapasitet på kvardagsrehabilitering. Tilbodet er definert som ein del av helse- og omsorgstilbodet til kommunen. Du kan få tilbod om andre helse- og omsorgstenester medan du ventar på å få kvardagsrehabilitering.
Kva får du?
- Kvardagsrehabilitering er ei tidsavgrensa rehabilitering der fokus er å meistre oppgåver i kvardagen.
- Rehabiliteringa er eit samarbeid mellom deg og eit tverrfaglig team som består av fysioterapeut, ergoterapeut, sjukepleiar og heimetrenar.
- Vi lagar ein plan ut frå måla dine, og du får tett oppfølging i ein tidsavgrensa periode på 6 veker (med mogleg forlenging til 8 veker).
Kva kostar det?
Kvardagsrehabilitering er gratis.
Krav til søkjar
Kvardagsrehabilitering er for deg som
- har fått nedsett funksjon akutt eller gradvis det siste halve året
- ønskjer å meistre kvardagsaktiviteter igjen heime eller i nærmiljøet
- er motivert for å gjere ein eigeninnsats
- kan forstå og gjere deg forstått, med andre ord må du kunne ta instruksjon og følgje eit enkelt program med øvingar
Kva skjer vidare?
- Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarer det, tar vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
- Vi tar kontakt med deg dersom vi treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøke deg.
Vi har avgrensa kapasitet på kvardagsrehabilitering. Tilbodet er definert som ein del av helse- og omsorgstilbodet til kommunen. Du kan få tilbod om andre helse- og omsorgstenester medan du venter på å få kvardagsrehabilitering.
Kontakt oss
- Alver kommune
Forvaltningskontoret
Kvernhusmyrane 20
5914 Isdalstø
E-post: forvaltningskontoret@alver.kommune.no