Fysioterapi

Fysioterapitenesta

Fysioterapeutane arbeider med kropp og bevegelse og har som målsetjing å fremje god helse og meistring av kvardagen. Dersom du har helseplagar som fører til redusert fysisk funksjon kan du få oppfølging av ein fysioterapeut. Fysioterapeutane undersøkjer, vurderer, behandlar, rettleier i trening, bidrar i hjelpemiddelsøking og tilrettelegging av bustad og liknande. Vi kan gje råd og hjelp i heimen, på helsestasjon, i barnehage og på skule, på institusjonar og på fysikalske institutt. I Meland kommune har vi kommunalt tilsette fysioterapeutar samt avtalefysioterapeutar fordelt på to fysikalske institutt.

Fysioterapi til barn og unge

Barn og unge under 18 år som har ulike utfordringar med motorikk og bevegelse kan få hjelp i heimen, på helsestasjon, i barnehage og på skule. Ofte ser vi barn med asymmetri, fotproblematikk eller forseinka grov- eller finmotorikk med behov for rettleiing. Vi føl også opp barn med akutte skadar, alvorleg sjuke barn og barn med store utviklingsforstyrringar. Barn med psykiske vanskar, hjarte-/lungeproblematikk, kroniske lidingar, ortopediske eller nevrologiske sjukdommar er også sentrale grupper.

Fysioterapeutane hjelper til med søknader om og utprøving av hjelpemidlar, og kan bidra inn i tilrettelegging i barnehage, på skule og i heimen. Fleire av barna har samansette problemstillingar og behov for tverrfagleg oppfølgjing. Vi samarbeider tett med legar, helsestasjon, skule og foreldre/føresette.

Fysioterapeut i skulehelsetenesta

Meland kommune har ein fysioterapeut i 100% engasjement i skulehelsetenesta. Fysioterapeuten arbeider førebyggjande og helsefremjande, og målsetjinga er at elevane skal få positive opplevingar i forbindelse med aktivitet, få auka aktivitetsnivå, og oppleve meistring.

Brosjyrar og nyttige lenkjer

Fysioterapi til vaksne

Vaksne og eldre personar med sjukdom eller skade, og som har vanskar med å bevege seg, eller å meistre kvardagen kan få oppfølgjing av fysioterapeut i heimen. Vi gjer også tilbod til personar som bur på institusjon og personar som er inne på eit korttids-/rehabiliteringsopphald. Ofte møter vi personar med brotskader, neurologiske sjukdommar, hjarte- og lungeproblem, eller muskel-/skjelettplagar. Andre som har behov for oppfølgjing kan vere dei med generell alderdomsvekking, eller dei som er redusert etter sjukdom. Alvorleg sjuke personar med ønskje og behov for oppfølgjing er høgt prioritert.

Vi arbeider tverrfagleg og har tett samarbeid med heimesjukepleie, fastlegar og ergoterapeut. Ved behov er vi med på tilrettelegging i heimen, og vi hjelper til ved søknad om hjelpemidlar. Kommunen har eit eige kvardagsrehabiliteringsteam for dei som synast at daglege aktivitetar blir vanskelege å gjennomføre. Dette teamet består av sjukepleiar, ergoterapeut, fysioterapeut samt heimesjukepleien, og arbeider målretta saman med den aktuelle i ein tidsavgrensa periode.

Nyttige lenkjer

Avtalefysioterapeutar

Fysioterapeutane på dei fysikalske institutta har ein avtaleheimel med kommunen og er ein del av kommunens helsetilbod. Ein vel sjølv kva for eit institutt ein skal kontakte.

Avtalefysioterapeutane har kompetanse på blant anna bekkenplagar i forbindelse med svangerskap, skulderproblem, ryggsmerter og andre belastningsskadar. På institutta kan ein og få rettleia trening og oppfølgjing etter operasjonar, eller etter ein idrettskade. Dei med neurologiske sjukdommar, lungesjukdommar eller muskel-/skjelettplagar kan også få oppfølgjing. Avtalefysioterapeutane har eit tett samarbeid med fastlegane i kommunen.

Manuellterapeut

Eit av institutta har også manuellterapeut, som er fysioterapeut med vidareutdanning på masternivå. Ein manuellterapeut har spesialkompetanse i undersøking, vurdering og behandling av personar med smerter eller nedsett funksjon. I tillegg kan dei tilvise vidare til bildediagnostikk (CT, MR, røntgen) og spesialisthelsetenesta, samt skrive ut sjukemelding.

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2018 treng ein ikkje lenger tilvising frå fastlegen, kiropraktor eller manuellterapeut for å få dekka delar av behandlinga. Du betalar ein offentleg fastsett eigedel på behandlingane hos avtalefysioterapeut, fram til du har opparbeida deg rett til frikort. Barn under 16 år og personar med godkjent yrkesskade skal ikkje betale for fysioterapi.

Kontakt

Fysikalske institutt

Fysikalse institutt
Institutt Besøksadresse Telefon E-post
Frekhaug fysioterapisenter Havnevegen 28,
5918 Frekhaug
Øystein Kallekleiv, dagleg leiar:
56 17 14 50
56 17 14 51
56 17 14 52
oystein.kallekleiv@
meland.kommune.no
Cyriax Clinic Frekhaug Havnevegen 3, 5918 Frekhaug Monica Aarre-Nilsen, manuellterapeut:
97 04 37 08

Sindre Romarheim:
97 19 65 11
sr@cyriax.no

Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 04.05.2018