Ergoterapi

Målgruppe

Innbyggjarar i alle aldrar, som har eller står i fare for å få problem med å fungera i kvardagen.

Kva kan du få hjelp til?

  • Kartlegging, tilrettelegging og trening av aktivitet/oppgåver i dagleglivet
  • Fysiske endringar i miljøet
  • Tilpassing av bustad
  • Formidling, utprøving, tilpassing og opplæring i bruk av hjelpemidlar
  • Funksjonsvurdering i høve til bilsaker, biltilpassing
  • Funksjonstrening
  • Informasjon og samarbeid med ulike instansar, til dømes pleie og omsorg, skule, pårørande med fleire
  • Kommunal kontaktperson mot Hjelpemiddelsentralen

Kontakt

Du kan ta kontakt direkte med tenesta, men ein må pårekne noko ventetid. Ergoterapeuten har kontor i sokkeletasjen på Meland sjukeheim, inngang "J" med arbeidstid måndag til fredag mellom klokka 09.00 - 15.30.


Sist oppdatert: 02.11.2018
Publisert: 19.09.2018