For kreftramma

Kreftsjukepleie i Meland

Kreftsjukepleiar kan tilby:

  • Fagleg råd og rettleiing
  • Å hjelpe deg å oppretthalde kontakten mellom deg og hjelpeapparatet
  • Tid til å lytte. I ei tid som for mange kan vera vanskeleg, kan det vera godt å ha nokon å søka råd hjå, eller kanskje berre kunne snakke med
  • Praktiske prosedyrar

Kontakt

Kreftkoordinator i Nordhordland

Har du eller ein av dine næraste fått ein kreftdiagnose? Då kan det vere godt å få hjelp til informasjon, råd og rettleiing om diagnose, behandling, rehabilitering og lindring. Kreftkoordinatoren i Nordhordland er felles for Lindås, Meland, Radøy, Fedje og Modalen. Tilbodet er etablert i samarbeid med Kreftforeininga.

Informasjonsbrosjyre

Korleis tar du kontakt?

Du treng ikkje å søkje eller bli tilvist frå lege eller spesialist. Du som er kreftramma eller pårørande kan ta direkte kontakt på telefon eller e-post. Du kan også be andre om å ta kontakt.

Samtale med kreftkoordinatoren kan skje heime hos deg, på telefon eller kontoret til kreftkoordinatoren.

Kreftkoordinatoren er tilgjengeleg på telefon mellom klokka 09.00 og 15.00 på kvardagar.

Om du lurar på noko i samband med kreftsjukdomen din, eller om du er pårørande kan du ta kontakt.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kven er tilbodet meint for?

Du kan ta kontakt dersom du:

  • Nyleg har fått ein kreftdiagnose
  • Er pårørande til ein som har kreft
  • Ventar på behandling
  • Er under behandling
  • Har seinverknader etter kreftbehandling
  • Er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
  • Ikkje blir frist og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen

Pårørande kan også ta kontakt. Det same kan samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.

Kva kan kreftkoordinatoren hjelpe deg med?
  • Vere ein ressursperson for deg som er kreftramma eller er pårørande
  • Gi råd og rettleiing om diagnose, behandling og rehabilitering
  • Vere ein samtalepartnar, som kan bidra til å sortere tankar i ei vanskeleg tid
  • Ha oversikt over og informere om relevante tilbod og tenester, kurs og rehabilitering
  • Vere eit bindeledd mellom deg, fastlegen, spesialisthelsetenesta og kommunane, og formidle kontakt til ulike tenester og aktuelle samarbeidspartnarar
  • Sikre oppfølging av barn og unge som er pårørande
  • Koordinere og leggje til rette for at du og dine får ein best mogleg kvardag heime
  • Omsorg ved livets slutt

Temakafé for kreftramma

Temakafeen er til for kreftramma, pårørande og etterlatne. Vi tar opp kreftrelaterte tema og byr på ulike kulturelle innslag. Kafeen blir drive av Kreftforeningen sine frivillige.

Kvar finn du oss?

Seniorsenteret i Knarvik (Knarvik sjukeheim)
Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø

Kva kostar det?

Det krevst ingen påmelding, og tilbodet er gratis. 

Kva får du?
  • Ein kopp kaffi og ein matbit
  • Hyggjeleg samtale med andre som har erfaringar med kreft
  • Innslag/foredrag med aktuelle tema
Når er det?

Program finn du her.


Sist oppdatert: 12.11.2018
Publisert: 31.05.2018