Besøksheim og tilsynsførar

Dette er oppdrag som barnevernet i kommunen har ansvar for og spørsmål og kontakt kan du få ved å ringe oss på telefon 56 37 50 82.

Besøksheim

Besøksheim blir brukt av barnevernet som eit hjelpetiltak for barn. Besøksheim kan til dømes bli brukt som avlasting for foreldre, for å gje born meir stimulering, eller rett og slett at borna treng fleire trygge vaksne som ser bornet og viser interesse. Besøksheim vil ofte vere eit langsiktig tiltak.

Timeliste for besøksheim kan du laste ned her

Tilsynsførar

Alle born som er plasserte i fosterheim skal ha ein tilsynførar. Denne skal vere ein fortuleg vaksen som besøker bornet 4 gonger i året for å sjå til at barnet har det bra.

Last ned tilsynsførarrapport her

Last ned timeliste for tilsynsførar


Sist oppdatert: 27.11.2018
Publisert: 27.11.2018