HeimBrannvern, eldstad og feiingNordhordland brann og redning

Nordhordland brann og redning

Nordhordland brann og redning er leia av brannsjef Karl Johannes Romarheim. Brannstasjonen ligg på Alverflaten, nord for Knarvik.

Kontakt

  • Karl Johannes Romarheim
    Brannsjef
    Telefon: 40 84 12 70
  • Besøksadresse: Ikenberget 16, 5911 Alversund
  • Postadresse: Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
  • Facebook
  • Nettstad

Operativ avdeling

Operativ avdeling er dei som har døgnkontinuerlig beredskap og rykkjer ut for å redde liv og verdiar ved brann og ulykker av alle slag i kommunane.

Varsling av brann og andre akutte hendingar skjer til felles alarmsentral for Hordaland, som ligg i Bergen, telefon: 110.

I tillegg gjev brannvesenet løyve til bruk av eld utandørs. Brannvesenet yter også tenester ved andre uønska hendingar som: mindre oljesøl, flaum/overvatn, ras, båthavari (mindre båtar) og leiteaksjonar med meir.

Førebyggjande avdeling

Førebyggjande avdeling består av to fagseksjonar:

Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB)

NGIB driv tilsyn med større bygg og held brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid i 8 kommunar.

Feiaravdelinga

Avdelinga driv skorsteinsfeiing og brannførebyggjande tilsynsarbeid i bustadane i Nordhordland. 


Sist oppdatert: 04.02.2019
Publisert: 04.02.2019