Eldstad

 Når må eg søkje?

Du treng ikkje søkje dersom:
  • Du skal installere, endre, rive eller reparere ein eldstad innanfor ein og samme brukseining eller branncelle
  • Du skal rive og byggje opp att delen av skorsteinen som er over tak

Det er ingen formelle krav til den som skal setje opp ein eldstad. Vi tilrår likevel at du brukar kvalifiserte fagfolk til dette arbeidet.

Sjølv om du ikkje må søke, må du melde ifrå til kommunen om det du har gjort.

Slik sender du melding til kommunen:

Trykk her for å gå til det digitale meldeskjemaet på brannvern.no

Du må både fylle ut informasjon om bustaden din og den som monterer omnen for deg.

Du må søkje med hjelp frå fagfolk dersom:
  • Du skal byggje, rive, endre eller rehabilitere skorstein. Dette vil seie at rehabilitering, til dømes nytt røyr eller bruk av glidestøp i eksisterande pipeløp, er søknadspliktig.

Slik søkjer du

  • Vi brukar Direktoratet for byggkvalitet (Dibk) sine skjema. Trykk her for å gå til skjemasida til Dibk.
  • Fagfolka som søker for deg må bruke blankett 5174.
  • Skriv ut skjema og fyll det ut for hand eller last det ned til maskina di, fyll ut og lagre. Før du sender søknaden, pass på at du har lagt ved alt i lista under.
  • Skjemaet sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med posten til Lindås kommune, Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø
Søknaden må innehalde:
  • Erklæring om ansvarsrett for fagfolk, både ansvarleg søkjar, prosjekterande og utførande
  • Monteringsrettleiing eller brannteknisk godkjenning av løysinga du skal nytte
  • Opplysningar om tal røykløp
  • Opplysningar om kven som er nabovarsla og kva opplysningar du har gitt i nabovarselet – trykk her for å lese meir om nabovarsling (lenke kjem)
  • Situasjonsplan, takplan eller planteikning som viser kor i bygget skorsteinen er, og der det eventuelt er fleire skorsteinar i bygningen
  • Fasadeteikningar av bygningen, takplan og snitt der det skal førast opp ny skorstein
Kva kostar det?

Behandling av søknaden kostar 3.550 kroner. Gebyr for eventuelle ansvarsrettar kjem i tillegg.

Gebyret er det same for avslått sak.

Separat søknad om rehabilitering/reparasjon av eldstad/skorstein kroner 0.

Slik klagar du
  • Fristen for å klage er tre veker frå vedtaket vart levert i postkassa eller på e-posten din.
  • Har du ikkje mottatt vedtaket frå oss, er fristen tre veker frå du vart gjort kjent med vedtaket. 
  • Vi har ikkje eit eige skjema for å sende ein klage. Klagen sender du ei eit vanleg brev til oss.
  • Klagen må være skriftleg. Du må vise til vedtaket det vert klaga på og kva endring du ønskjer i vedtaket.
  • Klagen sender du på e-post til postmottak@lindas.kommune.no eller med post til Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø.
  • Du må poste klagen før fristen går ut.
  • Det kostar ingenting å klage på eit vedtak.

Kva skjer vidare med klagen?

  • Når du sender klagen, vil du motta eit brev som stadfestar at vi har mottatt klagen din.
  • Dersom du har bedt om utsett iverksetting av vedtaket, vert det vurdert av kommunen.
  • Dersom det er fleire partar involvert, så vert klagen sendt til partane med frist for å gi kommentarar til klagen.
  • Vi behandlar klagen administrativt først og kan endre vårt vedtak.
  • Vi skal behandle klagen din innan åtte veker. I saker der vi har gitt utsett iverksetting av vedtaket, er fristen seks veker.
  • Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, skal klagen til behandling i plan- og miljøutvalet, som er eit politisk utval. Du vil få brev frå oss om klagen din skal til handsaming i utvalet. Trykk her for meir informasjon om plan- og miljøutvalet, medlemmer og møteplan.
  • Dersom vi ikkje endrar vedtaket vårt, sender vi klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland for behandling.
  • Fylkesmannen skal behandle klagen innan tolv veker.
Kva seier lova?

Lovdata 


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 18.06.2018