Brannvern

Lindås, Meland og Modalen kommunar har etablert interkommunalt brannvern, som er leia av brannsjef Karl Johannes Romarheim. Brannstasjonen ligg på Alverflaten, nord for Knarvik.

Kontakt

  • Karl Johannes Romarheim
    Brannsjef
    Telefon: 40 84 12 70

Besøksadresse: Ikenberget 16, 5911 Alversund

Postadresse: Kvernhusmyrane 20, 5914 Isdalstø

Nettstad: Lindås, Meland og Modalen Brann & Redning

Operativ avdeling

Operativ avdeling er dei som har døgnkontinuerlig beredskap og rykkjer ut for å redde liv og verdiar ved brann og ulykker av alle slag i kommunane.

Kontakt

Varsling av brann og andre akutte hendingar skjer til felles alarmsentral for Hordaland, som ligg i Bergen, telefon: 110.

I tillegg gjev brannvesenet løyve til bruk av eld utandørs. Dersom du har spørsmål om bål og bråtebrenning kan du ta kontakt på telefon: 918 61 247. Brannvesenet yter også tenester ved andre uønska hendingar som: mindre oljesøl, flaum/ overvant, ras, båthavari (mindre båtar) og leiteaksjonar m.m

Førebyggjande avdeling

Kontakt

Førebyggjande avdeling består av to fagseksjonar:

Nordhordland og Gulen interkommunale brannførebyggjande avdeling (NGIB)

NGIB driv tilsyn med større bygg og held brannførebyggjande motivasjons- og informasjonsarbeid i 8 kommunar.

Feiaravdelinga

Avdelinga driv skorsteinsfeiing og brannførebyggjande tilsynsarbeid i bustadane i Lindås og Meland.

Bål- og bråtebrenning 

Det er forbod mot å brenne bål eller bråte under forhold som gjer at det kan føre til brann. Skal du brenne bål eller bråte, må du vere sikker på at det ikkje kan føre til brann. Gå aldri frå oppgjord eld før han er heilt sløkt.

Når er det lov?

I perioden 15. april til 15. september er det totalforbod mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan å søkje kommunen om lov. Du har likevel lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan medføre brann.

Viss brannfaren er spesielt stor i ein periode, uavhengig av dato, kan kommunen innføre totalforbod mot å brenne bål i bestemte område.

Brenning av avfall er aldri tillate, det må du levere til gjenvinningsstasjon.

Slik søkjer du

Vi har ikkje eit eige skjema for å søkje om løyve til å gjere opp eld. Det er difor nok at du skriv eit brev og sender det til brannsjefen.
Søknaden må innehalde namn på ansvarleg, adresse og telefonnummer. I søknaden må du skildre kva for tiltak du har for å unngå at brannen spreier seg, eller andre uhell.

Søknaden sender du på e-post til:
karl.johannes.romarheim@lindas.kommune.no 

med kopi til:
ole.johan.ingebrigtsen@lindas.kommune.no.

Sankthansbål

På sankthansaftan gjeld dei generelle reglane for bålbrenning. Du har berre lov til å gjere opp eld der det openbert ikkje kan føre til brann.

Ved bålbrenning og liknande er det personen som tenner elden, som er ansvarleg for tryggleikstiltak og å sløkke elden før staden blir forlaten.

Her kan du lese meir 
Forskrift om brannforebygging § 3 Generelle krav til aktsomhet

Branntryggleik i heimen

Korleis kan du minske faren for brann i din heim?

Det er eit krav at alle bustader skal ha minst éin røykvarslar som kan høyrast frå alle soverom med lukka dør. Vi anbefaler likevel å montere fleire røykvarslarar og at desse er seriekopla.

Formålet med røykvarslarar er å redde dei som er i bustaden, dersom brann eller røykutvikling skulle oppstå. Ein brann kan utvikle seg svært raskt, og tidleg varsling er avgjerande.

Røykvarslar

Røykvarslarar skal produserast etter ein europeisk produktstandard. Forhandlarar har ansvar for at røykvarslarar dei sel, er produserte etter dette regelverket. Når du kjøper ein ny røykvarslar, bør du kontrollere at han er CE-merkt med tilvising til NS-EN 14604.

Husbrannslange

Alle bustader skal ha eit brannsløkkingsapparat eller ein husbrannslange.

I vanlege bustader anbefaler vi brannslange som alltid skal vere kopla til vatn. Hugs at du ikkje skal bruke vatn som sløkkemiddel ved brann i frityr, på komfyren og i oljeprodukt.

Brannsløkkingsapparat

Det er svært få som har vatn på soverommet, og om natta er det viktig å ha rask tilgang til sløkkeutstyr. Derfor er det lurt å ha eit brannsløkkingsapparat i tillegg til brannslangen.

Skadeførebygging og brannøving i heimen

Noko av det viktigaste du sjølv kan gjere, er å ta ein «sløkkerunde» i huset ditt kvar kveld. Sjekk alle rom, og slå av alt av elektriske apparat som ikkje skal stå på. Sjekk at ingen omnar er tildekte, sløkk levande lys, slå av TV-en med av-knappen, og la ikkje kaffitraktar, vasskokar og mobilladar stå med støpselet i stikkontakten om natta.

Vi anbefaler at de gjennomfører brannøving i heimen. Barn er i stor grad avhengige av hjelp i ein naudsituasjon. Forklar barna kvar røykvarslaren er, test han, og la dei bli «kjende» med lyden. Lag reglar for korleis dei skal opptre viss røykvarslaren går, test aktuelle rømmingsvegar, og avtal møtepunkt utanfor, i trygg avstand til huset, om de kjem bort frå kvarandre.

Branntryggleik i landbruksbygning

Kvart år døyr mange dyr i landbruksbrannar. Store verdiar går tapt.

Over 70 prosent av alvorlege brannar i landbruket kjem av elektrisitet, anten feil på elektriske anlegg eller feil bruk av elektrisk utstyr.

Kven har ansvar for kva?
  • For nyinstallerte elektriske anlegg er det installatør som har ansvaret for å levere eit feilfritt anlegg etter forskrifta.
  • Det er eigar som har ansvar for å sørgje for vedlikehald av anlegget. Det meste av arbeidet må gjerast av godkjend elektroinstallatør.
  • Det er avgrensa kva arbeid ein kan gjere på det elektriske anlegget utan å ha spesielle offentlege sertifikat. Det meste av arbeidet må derfor gjerast av offentleg godkjende elektroinstallatørar.
  • Tilsyn skal gjennomførast av det lokale elektrisitetstilsynet. Eit slikt tilsyn fritek ikkje eigar for ansvar for vedlikehald. 
    Klikk her for å lese meir om el-anlegg og brannar i landbruket på Landbrukets brannvernkomité si heimeside.

Bruk og sal av fyrverkeri

Fyrverkeri er normalt tillate på nyttårsaftan i tidsrommet 18.00 til 02.00.

Skal du sende opp fyrverkeri andre dagar enn nyttårsaftan, må du søkje brannvesenet om lov. Du må søkje minimum to veker før avfyringsdato.

Slik søkjer du
  • Send søknaden på e-post til brannsjef Karl Johannes Romarheim
  • Dersom søknaden din blir godkjend, blir han send vidare til politiet, som tar den endelege avgjerda.

Regelverket tillèt utvida bruk av fyrverkeri etter søknad så lenge bruken ikkje medfører ulempe for tredje person eller det ikkje er andre tryggleiksårsaker som taler imot eit slikt løyve.

Når kan brannsjefen kan gje løyve til å bruke fyrverkeri?
  • Ved større runde bursdagar eller tilsvarande jubileum
  • Ved opning av arrangement eller i tilknyting til dette
  • Når vêrmessige forhold ligg til rette
  • Når bruken skjer ved lokale der det kan forventast at slike løyve blir godkjende, til dømes forsamlingshus eller hotell
  • Dersom bruken blir lagd til ei privat adresse som ikkje ligg i tettbygd strøk når naboar blir varsla på førehand.

På grunn av brannfare, kan du kan ikkje rekne med å få lov til oppskyting av fyrverkeri i perioden 15. april til 15. september.

Du som bruker fyrverkeri og andre pyrotekniske effektar, pliktar å følgjer retningslinjene og bruke dette på ein måte som sikrar at det ikkje blir skade på personar eller omgivnadene.

Sal av fyrverkeri

Alle bedrifter som ønskjer å selje fyrverkeri  eller pyroteknisk vare i tida 27. - 31. desember i butikken si ordinære opningstid, må sende inn søknad til brannvesenet innan 1. mai.

Du må leggje ved løyve frå eigar av bygningen, aktuelle skjema og kursbevis. Kursbeviset kan ikkje vere eldre enn fem år. Ved lagring av inntil 250 kg fyrverkeri, må du sende særskild søknad.

Søknaden sender du til:

postmottak@lindas.kommune.no


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 28.05.2018