HeimBarnehageTrygt og godt oppvekst- og skulemiljø

Trygt og godt oppvekst- og skulemiljø

Hovudmål med prosjektet

  • Å sikre barn og unge eit trygt og godt oppvekst- og skulemiljø
  • Sikre nulltoleranse mot krenking som mobbing, vald, diskriminering og trakassering

Prosjektet skal ha fokus på heile opplæringsløpet (barnehage, barne- og ungdomsskule). Prosjektet skal lytte og samarbeide med lag og organisasjonar. Vi skal dele erfaringar og byggje kompetanse saman. Prosjektet skal ha eit sosialt fokus (ikkje kulturelt) på barne- og ungdomsarbeid. Prosjektleiar deltek i aktuelle regionale nettverk. Prosjektleiar deltek og i felles prosjekt for Meland, Lindås og Radøy kommune «Betre læringsmiljø», som arbeider med å fremje heilskap og system i arbeidet med læringsmiljø i Alver kommune.

Kontakt

Følg prosjektet på Facebook

Facebooksida er retta mot foreldregruppa.

Følg prosjektet på Snapchat: «trygtoggodt». Snapchatkontoen er retta mot ungdommar.

Kommunalt team for trygge og gode miljø 

Meland kommune har oppretta eit kommunalt team for trygge og gode miljø. Hensikta med teamet er å støtte skule, foreldre og elevar i sakar som omhandlar elevars miljø, tryggleik og trivsel på skulen. Det kommunale teamet kan bli kopla på når saka er utfordrande.

Kven sitt i det kommunale teamet?

Deltakarar i det kommunale teamet:

  • Psykolog frå PPT
  • Kommunepsykolog
  • Barnehagerådgjevar
  • Prosjektleiar for «Trygt og godt skule og oppvekstmiljø»

Prosjektleiar for «Trygt og godt skule- og oppvekstmiljø» leier det kommunale temaet.

Kven kan melde ei sak til det kommunale teamet?

Både skuleleiinga, barnehageleiinga, foreldre og elevar kan melde om saker til teamleiar.

Når ei sak blir meld frå foreldre/elev, undersøkjer teamleiar om skulen er informert om saka. Dersom skulen/barnehagen er informert om saka og tiltak er sett i gong, føl teamleiar opp både foreldre/elev og skulen/barnehagen (to samtalar) for å sikre progresjon. Dersom det manglar progresjon i saka, blir det kommunale teamet kopla på. Då møtast det kommunale teamet innan fem verkedagar. Skuleleiinga/leiing i barnehagen vil bli invitert med i møte med det kommunale teamet, kor saka blir drøfta.

Det kommunale teamet har ein rådgjevande funksjon. Teamet skal ikkje ha ansvar for å instruere andre tilsette i kommunen. Teamet kan ikkje pålegge barnehagar og skular å gjennomføre bestemte undersøkingar, tiltak med meir.

Når ei sak blir meld til teamet og tiltak er sett i gong, blir saka drøfta i det kommunale teamet innan fem verkedagar.

Korleis varsle?

Rektor og styrar melder sak til teamleiar munnleg eller skriftleg.

Føresette og barn/ungdom melder sak til teamleiar.

Samtykkeskjema

For at eit barn kan drøftast i det kommunale teamet må samtykkeskjema signerast. Samtykkeskjema finn du her.


Sist oppdatert: 20.03.2019
Publisert: 20.12.2018