HeimBarnehageSøkje eller endre plass

Søkje eller endre plass

Slik søkjer du

Søknadsskjema barnehageplass 2018/2019

Bruk vårt elektroniske søknadsskjema. 

Søknadsfristen til hovudopptaket til barnehageplass er 1. mars 2018.

Skal du sende ekstra dokumentasjon?

Merk det med "barnehagesøknad" og send det til: 
Meland kommune
Postboks 79
5906 Frekhaug

Hugs å sende ny søknad sjølv om du står på venteliste!

Nokre av dei private barnehagane har eigne opptakskriterier. Desse finn du i vedtektene til dei enkelte barnehagane, sjå heimesidene deira.

Kva skjer vidare?

Du som søkjer plass i hovudopptaket får:
  • Stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • Tilbod eller avslag i posten til den adressa du har gitt oss i søknaden
Du som søkjer ledige plassar utanom hovudopptaket får:
  • Stadfesting på e-post med ein gong du har sendt søknaden
  • Berre skriftleg svar når vi har ledig plass og vi kan gje deg eit tilbod 
  • Ikkje svar om vi ikkje har ledige plassar, men søknaden din havnar automatisk på ventelista vår

Krav til søkjar

Har du rett til barnehageplass?

For å ha rett til barnehageplass må du:

  • Bu i Meland kommune
  • Søkje barnehageplass innan fristen for hovudopptaket 1. mars

Dersom barnet ditt fyllet eitt år i august, september, oktober eller november har du rett på plass den månaden barnet ditt fyller år. Barn som er født desse fire månadane må med andre ord ikkje betale for plassen før dei startar i barnehagen.

Hovudopptaket skjer i perioden frå mars til juni. Søknader som kjem inn etter fristen 1. mars vert ikkje med i hovudopptaket. Dersom du ønskjer å endre søknaden din, kan du sende inn ein ny søknad innan 1. mars. Endrar du søknaden etter 1. mars vert endringsdatoen gjeldande som søknadsdato, og søknaden vert ikkje tatt med i hovudopptaket.

Du kan sjølvsagt søkje barnehageplass utanom hovudopptaket og få tilbod dersom vi har ledige plassar.

Har barnet ditt rett til prioritet?

Kommunen skal prioritere å gi plass til følgjande barn i hovudopptaket:

  • Barn med nedsett funksjonsevne
  • Barn med vedtak etter lov om barnevernstenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd

Søkjer du plass til eit barn med rett til prioritet? Hugs å sende dokumentasjon til kommunen innan søknadsfristen 1. mars.

Ta kontakt med rådgjevar for barnehage, Mette Marei Træland om du har behov for meir informasjon om denne ordninga.
E-post: mette.m.traland@meland.kommune.no

Kva kostar det?

Full plass

Frå 1. januar 2018 kostar ein full barnehageplass 2.910 kroner per månad.

Søskenmoderasjon:

  • Du får 30 prosent rabatt på barn nummer to
  • Du får 50 prosent rabatt på barn nummer tre og fleire
Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Du kan få redusert pris dersom:

  • Du har fleire barn i barnehagen
  • Du som forelder har låg inntekt

Har du rett på redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid? Les meir om det her.

Flytte, bytte eller seie opp plass

Flytte eller bytte plass

Flyttar du til ein annan stad i Meland kan du behalde barnehageplassen du har. Ønskjer du plass i ein annan barnehage, må du sjølv søkje om ny barnehageplass. Bruk det vanlege skjemaet, men kryss av for at du ønskjer å bytte barnehage.

Korleis seie opp barnehageplassen

Vi har felles skjema for søknad og oppseiing av barnehageplass. Kryss av for at du skal seie opp plassen din. 

Reglar for oppseiing

Skulestart:

  • Du treng ikkje å seie opp plassen når barnet ditt startar på skulen. Dette skjer automatisk for barn i både private og kommunale barnehagar.

Oppseiing av plass i kommunal barnehage:

  • Skal barnet ditt slutte i barnehagen i løpet av barnehageåret, må du sende ei skriftleg oppseiing av plassen minst to månader før barnet skal slutte.
  • Dersom barnet sluttar etter 1. april, kan vi krevje betaling for resten av barnehageåret.

Oppseiing av plass i privat barnehage:

  • Dei private barnehagane kan ha eigne reglar for oppseiing av plass. Desse finn du i vedtektene til den enkelte barnehage.

Kontakt

Kva seier lova?

Trykk her for å gå til barnehagelova 


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 19.04.2018