HeimBarnehageRedusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Slik søkjer du

Søknadsskjema - redusert foreldrebetaling/gratis kjernetid

Du søkjer ved å nytte det elektroniske søknadsskjemaet vårt.

  • Du må leggje ved sjølvmeldinga di som dokumentasjon. Dersom noko ikkje er registrert på sjølvmeldinga av person- eller kapitalinntekt, må anna relevant dokumentasjon leggjast ved søknaden, eller sendast til: Meland kommune postboks 79, 5906 Frekhaug.
  • Dersom inntekta di er endra frå førre år, må du leggje ved dokumentasjon som viser dette.
  • Som hovudregel gjeld søknaden for eitt barnehageår om gongen.

Har du rett på redusert foreldrebetaling?

Du har rett på redusert pris om:

  • Maksprisen for ein barnehageplass er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til hushaldninga
  • Den samla inntekta til hushaldninga er lågare enn 533.500 kroner

Har du rett på gratis kjernetid?

Gratis kjernetid betyr 20 timar gratis opphald kvar veke i barnehagen. Har barnet ditt heildagsplass må du sjølv betale for opphald utover dei 20 timane.

Hushald med inntekt lågare enn kroner 533.500 per år som har 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, kan søkje om gratis kjernetid.

I august 2019 vil retten til gratis kjernetid bli utvida til også å gjelde 2-åringar. Det er ennå ikkje foretatt nokon endring i forskrifta, men denne vil bli oppdatert i god tid før barnehagestart hausten 2019.

Makspris

Foreldre skal ikkje betale meir enn maksprisen for ein barnehageplass. Maksprisen frå 1. august 2019 er 3 040 kroner per månad.

Dersom kommunen skriv vedtak om redusert foreldrebetaling/ gratis kjernetid vil barnehagen trekkje dette frå på rekninga.

Maksprisen gjeld alle typar barnehagar, uavhengig om dei er offentlege eller private. Grensa vert fastsett av Stortinget. Barnehagane kan kreve betaling for kost (matpengar) i tillegg til maksprisen

Les meir

Trykk her for å lese meir om ordninga på Utdanningsdirektoratet sine sider.


Sist oppdatert: 16.05.2019
Publisert: 25.05.2018