HeimBarnehageMelde behov for tilpassa barnehagetilbod

Melde behov for tilpassa barnehagetilbod

Slik melder du frå

Fyll ut skjemaet saman med ein tilsett i barnehagen.

Meldeskjema - behov for individuelt tilrettelagt tilbod i barnehage

Hugs å ikkje sende senisitiv informasjon på e-post, men nytt adressa under.

Skjemaet sender du til:
Meland kommune ved Mette M. Træland
Postboks 79
5906 Frekhaug

Vi prøver å svare deg innan fire veker. Dersom vi ikkje klarar det, tek vi kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Meldefrist

Det er ikkje meldefrist. Du kan melde i frå om behov for individuell tilrettelegging i barnehagen heile året.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Kva får du?

Barnehagen skal tilpasse tilbodet for barn som treng ekstra støtte i ein kortare eller lengre periode. Det kan vere snakk om sosial, pedagogisk og/eller fysisk tilrettelegging. Tilbodet vert vurdert og justert om behova endrar seg.

Kontakt

Kva seier lova?

Barnehagelova § 19 g skildrar retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod.


Sist oppdatert: 06.11.2018
Publisert: 25.04.2018