HeimBarnehageBarnehagane våre

Barnehagane våre

Kommunal barnehage

Marihøna barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Havnevegen 47, 5918 Frekhaug

Heimeside: Marihøna barnehage

Om Marihøna barnehage

Marihøna barnehage er ein barnehage med to avdelingar eigd av Meland kommune. Vi har opningstid måndag til fredag frå klokka 07.00 - 17.00 og er å finne sentralt på Frekhaug, rett nedanfor rådhuset.

Vi tek imot barn frå 0-6 år, der dei yngste (0-3 år) går på gul avdeling og dei eldste (3-6 år) går på raud avdeling. Gruppesamansetninga kan variere noko frå år til år.

Vi som jobbar i Marihøna barnehage ønskjer å gje barna ein trygg oppvekst med fokus på omsorg, danning, leik og læring. Vi jobbar bevisst med barns rettar, sett ut frå FN sin Barnekonvensjon. Marihøna barnehage har eit inkluderande miljø, der vennskap, likeverd og respekt vert høgt vektlagt. Vi kan tilby ein barnehagekvardag rik på gode opplevingar, turar og samspel.

Personalet i Marihøna barnehage består av engasjerte og omsorgsfulle vaksne, som gjer seg god tid i samspel med barna. Vi lyttar og justerer oss, slik at alle barn blir møtt med omsorg og varme. Samspelsmetoden ICDP er vår grunnleggande plattform og utgangspunkt for vårt pedagogiske arbeid.

I Marihøna barnehage gjer vi barna eit mangfaldig barnehagetilbod av høg kvalitet. Vi skal sjå det enkelte barn sin verdi og skape gode fellesskap der barna blir sett og bekrefta. Vi jobber etter visjonen "Marihøna barnehage – med ditt barn i fokus", med utgangspunkt i kjerneverdiane:

 

Informasjon:

 Private barnehagar

Blåklokka barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Melandsvegen 38, 5919 Frekhaug

Heimeside: Blåklokka barnehage

Drømmehagen barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Floghaugane 61, 5918 Frekhaug

Heimeside: Drømmehagen barnehage

Espira Marthahaugen barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Ådlandsvegen 325, 5919 Frekhaug

Heimeside: Espira Marthahaugen

Leiketun barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Holtermandsvegen 2A, 5918 Frekhaug

Heimeside: Leiketun barnehage

Leirdalen barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Ievegen 2, 5917 Rossland

Heimeside: Leirdalen barnehage

Lita-God barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Hoplandsvegen 141, 5919 Frekhaug

Læringsverkstedet Flatøy barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Flatøyvegen 70, 5918 Frekhaug

Heimeside: Læringsvekstedet Flatøy barnehage

Læringsverkstedet Maurtua barnehage

Kontaktinformasjon:

Besøksadresse: Juviknipa 1, 5918 Frekhaug

Heimeside: Læringsverkstedet Maurtua barnehage

 Kart over barnehagane våre

Barnehagefakta

Kommunesidene på Barnehagefakta.no er ein enkel måte og gje innbyggjarane ei oversikt over barnehagetilbodet i eigen kommune på, både med eit godt kart og med nøkkelinformasjon om kvar enkelt barnehage. Her kan du sjå barnehagefakta for Meland kommune.

Realfagskommune 

Meland kommune er ein realfagskommune. Les meir om Strategi for realfag barnehagar og skular i Meland.

Barnehageplan

Her finn du barnehageplan (kvalitetsdel) 2016-2020.

Nyttige lenkjer

Kontakt


Sist oppdatert: 28.11.2018
Publisert: 19.04.2018