HeimNyheiterVil du vere støttekontakt?

Vil du vere støttekontakt?

Er du ein godt vaksen mann eller kvinne med tid til overs? Meland kommune treng fleire støttekontaktar.
Publisert: 14.11.2018
Sist endra: 14.11.2018

Likar du å:

  • Vere aktiv? Gå tur, fiske, drive med sport, padle kajakk, reise til byen, gå på kafe, kino eller museum?
  • ​Verta kjend med nye menneske?

Ynskjer du å bidra til at nokon får ei aktiv og meiningsfull fritid?

Det er ein fordel om du har førerkort samt tilgang til bil. Vi kan tilby oppdragsavtale, utgifts-/kilometerdekning etter avtale, fleksible arbeidstider og oppfølging/rettleiing etter behov.

Ta kontakt med Meland heimeteneste ved

Stine Hindenes
Telefon: 56 17 11 55/ 99 49 75 90
E-post: stine.riise.hindenes@meland.kommune.no