HeimNyheiterVil du bli med på Alverdagen?

Vil du bli med på Alverdagen?

Vi inviterer lag og organisasjonar til å stille med stand laurdag 19. oktober i Knarvik arena.
Publisert: 03.07.2019
Sist endra: 03.07.2019

På Alverdagen får innbyggjarar og tilreisande moglegheit til å bli kjent med mykje av det Alver har å by på. Arrangementet skal vere ein møteplass for heile den nye kommunen der frivilligheit, aktivitet og det gode liv i Alver skal vere i fokus.

Alverdagen er ein flott moglegheit for din organisasjon til å vise kva de driv med på ein spanande og kreativ måte. Dei fleste utstillingane skal vere inne i bygget, men om nokon ynskjer å stille med til dømes båtar, bilar, dyr eller anna som eignar seg best ute, eller som er plasskrevjande, vil det vere nokre utstillingsplassar utanfor bygget. Det er gratis for lag og organisasjonar å stille, og det vert kåring av beste stand med ein fin premie til vinnaren!

I løpet av dagen vil det verte ei rekkje aktivitetar og kulturinnslag, og sjølvsagt høve til å kjøpe mat.

Målet er at dagen skal bidra til å skape ei fellesskapskjensle blant Alverbuane og ei stoltheit over det den nye kommunen har å by på.

Her kan du lese meir om, og melde deg på Alverdagen.

Frist for påmelding: 8. september.