HeimNyheiterUtdeling av idrettstipendet og kulturstipendet i Meland kommune 2019

Utdeling av idrettstipendet og kulturstipendet i Meland kommune 2019

Foto: Strilen/Anne-Lise Nordpoll
Idrettsstipendet pålydande kr. 30 000. vart delt likt mellom skeiseløpar Sondre Buer Åsebø (16) og golfspelar Andreas Skaar (16), medan kulturstipendet pålydande kr. 30 000 gjekk til biletekunstnar Anne Jakobsen. Stipenda vart delt ut under kommunestyremøtet i Meland 25. september 2019 av ordførar Øyvind H. Oddekalv og leiar i Utval for levekår Sølvi Knudsen.
Publisert: 26.09.2019
Sist endra: 26.09.2019

Kulturstipendet

Kulturstipendet skal gå til ein kunstnar/kulturutøvar, som er registrert busett i Meland kommune, har si verksemd herfrå, og som har heile eller delar av si inntekt frå kunstnarisk eller kulturell verksemd.

Stipendet skal stimulere til lokal kulturutvikling og lokale kulturopplevingar, og delast ut etter ei vurdering av kunstarisk innhald, gjennomføringsevne og verdi for det lokale kulturlivet frå Utval for levekår.

Årets kulturstipendmottakar, biletekunstnar Anne Jakobsen har atelier og verkstad i gamle Sagstad bedehus på Frekhaug. Ho står bak utstillinga Forgjengelig, ei samling av eigne kollasjar og måleri på Sagstad. I tillegg samarbeider ho om utstillingar med og held målekurs for barn, ungdom og vaksne.

Idrettsstipendet

Idrettsstipendet skal gå til ein idrettsutøvar, trenar, dommar eller idrettsleiar som er del av, eller har bakgrunn frå og tilknyting til, idrettslivet i Meland. Stipendet skal støtte høva for å utvikle seg innan idretten, og prioritere søkjarar i aldersgruppa 15 – 26 år. Stipendet delast ut etter ei vurdering av gjennomføringsevne og dokumenterte prestasjonar dei siste 3 år, og Meland Idrettsråd er høyringsorgan for tildeling.

Idrettstipend for 2019 vart delt på to søkjarar:

Skeiseløpar Sondre Buer Åsebø (16) er i noregstoppen i si aldersklasse på alle distansar, og går på Olympiatoppen Vest si toppidrettsline i Åsane. Han har hatt mykje av oppveksten sin i Meland kommune, og har no flytta permanent til Åsebø for å satsa på skeiser. Dei neste store måla til Sondre er ungdoms-OL i Sveits i 2020 og kvalifisering til Junior World Cup.

Golfspelar Andreas Skaar (16) er leiande juniorspelar i Meland Golfklubb, og går på Metis vgs toppidrettsline i Bergen. I 2018 fekk han topp 10-plasseringar i kvar Srixon-turnering, som er den øvste turneringsserien for juniorar i Noreg og gjeldane på den internasjonale amatørrankinga. Han deltek også i Srixon Tour 2019, og i august 2019 vann Andreas 19-årsklassen i Narvesen Cup for Vestlandet.

Meland kommune gratulerer Anne Jakobsen, Sondre Buer Åsebø og Andreas Skaar med stipenda, og ønskjer lukke til med framtidige prosjekt og vidare satsing!