Trygt å hoppe i havet

Miljøretta helsevern har testa 23 badeplassar i Alver, og funne at vasskvaliteten er "utmerka" alle plassane.
Publisert: 10.07.2023
Sist endra: 10.07.2023

Miljøretta helsevern har undersøkt vasskvaliteten på 43 badeplassar i Nordhordland og Gulen - 23 av desse er i Alver. 

Slik testar vi

Badevasskvaliteten er vurdert etter "EUs badevannsdirektiv", som bruker skalaen utmerka - god - tilstrekkeleg - dårleg. 

Prøvane, som er tatt i starten på juli, visar at vasskvaliteten er "utmerka" alle plassar.

Eit utval av badeplassane er kontrollert for tarmbakteriar. Det er ikkje funne bakteriar som tydar på utslepp frå kloakk eller liknande.

Resultatet i Alver

Miljøretta helsevern ber alle som badar om å sjølv vurdere forholda på badeplassane dei besøkjer.

Det er algevekst på eit par av badeplassane i Alver. Her kan vi få oppblomstring av blågrøne algar, men det er sjelden at dette skjer. Dersom det skjer, er rådet at både dyr og menneske bør halde seg på land.

Miljøretta helsevern har ikkje kapasitet til å teste alle badeplassane i kommunen.

Desse vart testa i Alver i juli:

Badeplassar i AlverDatoVasskvalitet

Kvamsvågen

03.07.23

Utmerka

Vallevika, Seim

03.07.23

Utmerka

Fisketangen, Seim

03.07.23

Utmerka

Vågseidestranda, Lindås

03.07.23

Utmerka

Spjeldneset, Lindås

03.07.23

Utmerka

Nautevågen, Fanebust

03.07.23

Utmerka

Skjelvika, Vabø

03.07.23

Utmerka

Myking 

03.07.23

Utmerka

Kvernhusvika, Eknes

03.07.23

Utmerka

Litlevågen, Fyllingsnes

03.07.23

Utmerka

Hjelmås kai

03.07.23

Utmerka

Badevika, Frekhaug

03.07.23

Utmerka

Haltejohansvika, Frekhaug

03.07.23

Utmerka

Fløksand

03.07.23

Utmerka

Hestnesvatnet

03.07.23

Utmerka

Smineset, Litlebergen

03.07.23

Utmerka

Bøtjørna, Bøvågen

04.07.23

Utmerka - Algevekst

Byngja, Bøvågen

04.07.23

Utmerka

Vågenes Camping, Radøy

04.07.23

Utmerka

Nesvatnet, Manger

04.07.23

Utmerka - Algevekst

Solheimsvika, Austmarka

04.07.23

Utmerka

Hillandsvatnet

04.07.23

Utmerka

Alverneset, Isdalstø

04.07.23

Utmerka