HeimNyheiterStandard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp

Meland kommunestyre har den 12.12.2018 vedtatt Standard abonnementsvilkår for vatn og avløp som består av tekniske og administrative bestemmingar.
Publisert: 19.12.2018
Sist endra: 19.12.2018

Dei nye vilkåra er utarbeida i regi av Kommunens Sentralforbund (KS) og er tilpassa endra krav og lovbestemmingar. Abonnementsvilkåra skal ivareta det gjensidige ansvarsforholdet mellom kommunen og den enkelte abonnent i samband med tilknyting til offentleg vatn- og avløpsanlegg, samt sikre at sanitæranlegg blir utført og drifta på ein tryggjande måte. Abonnementsvilkåra gjeld for eksisterande og nye abonnentar.

Standard abonnementsvilkår består av administrativt og teknisk regelverk utgitt i kvart sitt hefte. Dei administrative reglane tar for seg juridiske og forvaltningsmessige forhold. Dei tekniske reglane fastset krav til teknisk utføring.

Dei administrative bestemmingane er fritt tilgjengeleg i elektronisk utgåve her. Dei tekniske bestemmingane kan bestillast frå Kommuneforlaget her.