HeimNyheiterSpelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Frist for å søkje spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet er sett til 20. oktober i Meland/Alver kommune. Dette gjeld både nye søknader og søknader som skal fornyast.
Publisert: 17.09.2019
Sist endra: 17.09.2019

Ein kan søkja om tilskot til følgjande:

  1. Ordinære anlegg
  2. Nærmiljøanlegg

Stønaden er i hovudregel 1/3 av godkjend kostnad for dei fleste ordinære anlegga. Kroner 50.000,- er minste stønadssum. Nærmiljøanlegg kan få inntil 50% støtte, med ei øvre tilskotsgrense på kroner 300.000,-. Nedre tilskotsgrense er kroner 25.000,-.

Før ein kan søkje spelemidlar, må anlegget vera registrert i anleggsregisteret. Ordninga med idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er avvikla.

Alle søknader skal fremjast elektronisk. For meir informasjon om ordninga og søknadsskjema, sjå www.anleggsregisteret.no

Her finn du informasjon om søknadsprosessen. 

Treng du hjelp?
Har du spørsmål om søknadsprosessen, eller treng hjelp til å fylle ut søknaden? Ta kontakt med kulturkonsulent Arnhild Kannelønning, telefon: 56 17 10 65 eller e-post: arnhild.kannelonning@meland.kommune.no