Opplever du eller nokon du kjenner sorg?
Kyrkja i Alver og Kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg.
Publisert:
07.01.2022
Sist endra:
07.01.2022
Kyrkja i Alver og kreftkoordinator i Alver kommune ønskjer å vere til hjelp med å tilby sorggruppe for menneske som opplever sorg.
I gruppa kan ein setje ord på kjensler, tankar og opplevingar kring sorg og tap, og saman med andre i liknande situasjon få hjelp til å finne styrke til å gå vidare med tapet.
Sorg er ein naturleg og sunn reaksjon på eit tap av nokon du er glad i.
Det blir oppstart av ny gruppe i slutten av februar.
Påmelding innan 31.januar, 2022.
Vi tar sikte på 4-6 deltakarar og har samling annakvar veke.
For meir informasjon og påmelding, ta kontakt med:
Ruben Sæle
Tlf: 41 38 31 95
Anne-Britt Hauge
Tlf: 40 91 08 89, eller
Gudveig Kartveit Sundsbø
Tlf: 93 84 05 87