HeimNyheiterSøknad om tilskot til SMIL, NMSK og drenering

Søknad om tilskot til SMIL, NMSK og drenering

Tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL)

Søknadsfrist er 1. juni for SMIL–midlar for 2019. Søknadar skal frå og med 2019 sendast inn digitalt via ID-porten/Altinn. Søknadsskjema finn du her.

Ordninga skal bidra til å gjennomføre miljøtiltak utover det som er forventa gjennom vanleg jordbruksdrift.

Du kan søkje midlar til skjøtsel og restaurering knytt til kulturlandskap, kulturminne, verneverdige bygningar, tiltak som aukar opplevingsverdien i kulturlandskapet og betre tilgjenge. I SMIL–strategi 2016-2019 er desse områda prioritert:

  1. Biologisk mangfald, stell og rydding av gamal kulturmark/beitemark med særleg vekt på truga landskapstypar som kystlyng og strandeng
  2. Tiltak hjå nyetablerte bønder dei 5 første åra etter overtaking
  3. Tiltak knytt til å sette i stand bygningsmasse med tanke på ny aktivitet under gamle tak, eller tradisjonell bruk og tiltak knytt til tørrmura element og heilskapleg kulturmiljø
  4. Gjennomføring av fellestiltak knytt til kartlegging av avrenning frå landbruksareala til vatn og vassdrag

Du må ha eit føretak som er registrert i Enhetsregisteret for å kunna søkje. Dersom det skal søkjast på leigejord må eigar av landbrukseigedomen gje samtykke.

Søkjar må ha gjødslingsplan og journal over plantevernmiddel, samt kart over eigd og leigd jordbruksareal som føretaket disponerer. Kulturminner, område som er viktige for biologisk mangfald, areal med risiko for tap av jord og næringsstoff og andre tilhøve av miljømessig betyding skal vera kartfesta og beskrive.

Ta kontakt med landbruksforvaltinga dersom du har spørsmål, eller treng hjelp til planlegging.

Nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) - tilskot

Skogeigarar kan søkje om tilskot til følgjande tiltak innan nærings- og miljøtiltak i skogbruket:

  • Skogkultur
  • Miljøtiltak i skog
  • Andre aktivitetsfremjande tiltak i skogbruket

Føremålet med ordninga er å stimulere til auka verdiskaping i skogbruket, samstundes som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminne i skogen vert ivareteken, og utvikla vidare. Det er vedteken ny NMSK-strategi i 2016, med prioriteringar og tilskotssatsar for Meland kommune.

Søknadar handsamast fortløpande, og søknadsskjema er å finne her. 

Ta kontakt med landbruksforvaltinga i Meland dersom du har spørsmål.

Drenering i jordbruket - tilskot

Fortløpande søknadsfrist. Søknadar skal frå og med 2019 sendast inn digitalt via ID-porten/Altinn - Søknadsskjema finn du her.

Meland kommune har fått tildelt midlar til drenering. God drenering er avgjerande for å kunne auke matproduksjonen i åra som kjem, og er eit viktig klima- og miljøtiltak.

Du må søkje før du startar på arbeidet. Tilskotssatsane er 2.000 kroner/daa ved systematisk grøfting inkludert profilering eller omgraving. For usystematisk grøfting inkludert avskjæringsgrøfter er satsen 30 kroner/meter, maks kroner 2.000,- per daa. Berekna tilskot under kroner 3.000,- per søknad blir ikkje utbetalt.

Ta kontakt med landbruksforvaltninga for meir informasjon.


Sist oppdatert: 14.05.2019
Publisert: 14.05.2019