Søk om støtte til strandrydding

Treng laget ditt nye drakter, korpset nytt utstyr eller ønsker din organisasjon å samle inn pengar til reiser eller andre aktivitetar?
Publisert: 20.06.2023
Sist endra: 20.06.2023

NGIR får midlar frå Miljødirektoratet for å dekkje utgiftene i samband med ryddeaksjonane i regionen vår. Renovasjonsselskapet deler ut dugnadspengar til frivillige lag og organisasjonar som gjer ein ryddeinnsats i nærmiljøet.

Kjekt å vite om ryddaksjonen

  • Ein kan rydda ved sjøen, langs elver og vatn, stiar, holmar og andre stader i naturen der det er eigarlaust avfall.
  • Du kan hente utstyr til ryddinga (hanskar/sekkar) hjå NGIR, og dei tek seg av avfallet.
  • For å delta må ditt lag/organisasjon ha eit organisasjonsnummer.
  • Ryddeaksjonen må være avslutta og avfallet levert på ein av gjenvinningsstasjonane til NGIR innan oktober 2023.

Er dette noko for din organisasjon?

Send ein e-post til strandrydding@ngir.no eller ring 41 86 54 96 for å få meir info. Du vil deretter få søknadsskjema på e-post.

Søknadsfristen er 1. august 2023.