HeimNyheiterNi av ti seier dei er godt nøgde med handsaming av byggesaker i Meland

Ni av ti seier dei er godt nøgde med handsaming av byggesaker i Meland

Foto: Tom Erik Fredriksen
Profesjonelle utbyggjarar meiner at Meland kommune har mellom dei beste byggesaksavdelingane i Hordaland.
Publisert: 12.03.2019
Sist endra: 12.03.2019

Meland kommune har fått resultata frå ei uavhengig brukarundersøking om byggesaksavdelinga og handsaming av byggesaker i kommunen. Tala er gjennomgåande gode for Meland kommune, både blant privatpersonar og profesjonelle utbyggjarar. Ni av ti seier at dei totalt sett er «nøgde» eller «svært nøgde» med byggesakshandsaminga. Kompetansen og innstillinga hos dei tilsette og sakshandsamingstida til byggesaksavdelinga bidreg til den gode brukaropplevinga.

Mange av dei profesjonelle utbyggjarane arbeider i fleire kommunar i Hordaland. Dei fleste seier at byggesaksavdelinga i Meland er mellom dei beste i fylket.

- Det er sjølvsagt svært gledeleg å få slike tilbakemeldingar frå profesjonelle utbyggjarar så vel som innbyggjarar som har handtert byggesaker i kommunen, seier Marianne Aadland Sandvik, juridisk rådgjevar og byggesaksansvarleg i Meland kommune.

Saksbehandlarane får skryt av eiga leiing

- Eg er særs tilfreds med at brukarane gjev høgast score på spørsmål om innstillinga og kompetansen til dei som handsamar sakene. Solid og oppdatert kompetanse kopla med dei rette haldningane har vore viktig for oss lenge, seier Anny Bastesen, sektorsjef teknisk i Meland kommune.

- Det er sjølvsagt dei tilsette på avdelinga som skal ha det meste av æra for det gode totalinntrykket av avdelinga, legg Bastesen til.

Digitalisering kan betra tenestene

Sjølv om totalinntrykket er godt er det likevel område der brukarane meiner byggesaksavdelinga i Meland kommune kan verta betre. Brukarane ynskjer i større grad å nytta elektroniske byggesøknader og saknar meir informasjon på heimesidene hjå kommunen. 

- Meland kommune vil jobbe med forbetringstiltak basert på innspela frå brukarane. Det er gledeleg å sjå at kommunen sine heimesider no er den oftast nytta kjelda for å få informasjon om korleis ein skal gå fram i byggesaker. Vi vil forsøka å kombinera digitale tenester med personleg oppfølging av saksbehandlar. Det vert òg viktig å ta dette med oss i nye Alver kommune, seier Sandvik.

Undersøkinga er gjennomført av konsulentbyrået NOR PR og består av eit elektronisk spørjeskjema som vart sendt ut til alle brukarane av byggesaksavdelinga i Meland kommune det siste året. I tillegg vart det gjennomført telefonintervju med eit utval av profesjonelle utbyggjarar som har hatt byggesaker i kommunen.