HeimNyheiterMidlertidig dekke på veg til Holmeknappen

Midlertidig dekke på veg til Holmeknappen

Meland kommune har montert nye vass- og avlaupsleidningar i øvste del av vegen til Holmeknappen.
Publisert: 09.01.2019
Sist endra: 09.01.2019

Det vil pågå mykje anleggsarbeid i området i tida framover. Kommunen skal byggje reinseanlegg med store slamavskiljarar og Statens vegvesen skal lage undergang. Dei skal også fortsetje grøfta for kommunens leidningar slik at desse kryssar Fylkesvegen.

Grunna desse forholda vil det vere dårleg økonomi å leggje permanent dekke på det aktuelle vegstrekket. Kommunen/entreprenøren vil vedlikehalde vegen. Tidvis kan det likevel oppstå humpar.

Meland kommune håpar at brukarane kan vere tålmodige, og beklagar at det blir slik i denne perioden.

Sjå kart som viser det aktuelle vegstrekket

 

Mvh

Harry Finseth
Prosjektleiar