HeimNyheiterLedige plassar på kultursirkel

Ledige plassar på kultursirkel

Meland Kulturskule har nokre få ledige plassar på kultursirkel (for 1. og 2. klassingar) tysdag ettermiddag i Meland Aktiv frå august 2019.
Publisert: 24.06.2019
Sist endra: 24.06.2019

Kultursirkel er eit breiddetilbod for deg som er ny i kulturskulen og vil prøve deg på ulike disiplinar for å finne ut kva du vil lære meir om.

Vi driv mellom anna med song, spel, rytme og melodi; og å bli kjend med ulike instrument og kulturskuledisiplinar inkludert dans, teater og visuell kunst.

Når kurset er ferdig kan du velje det tilbodet du ønskjer vidare opplæring i – vi anbefalar kurset på det varmaste til alle som skal velje kurs i kulturskulen. 

Påmelding og meir informasjon

Påmelding kan du gjere her.

Ta kontakt med kulturskulen på telefon: 56 17 10 64, eller på e-post: kulturskulen@meland.kommune for meir informasjon.

Kva kostar det?

Hausten 2019 er eigendel kroner 1850,- i semesteret for ein elevplass, frå 01.01.2020 vert vi formelt Alver kulturskule og nye satsar for eigendel og søskenmoderasjon vert handsama politisk.
I Meland kulturskule får ein 25% søskenrabatt for barn nummer 2 og 50% for barn nummer 3 og 4 og så vidare (Gjeld fram til 01.01.2020).