HeimNyheiterKulturrosa 2019 til Anne Marie Skurtveit og Inge Åsebø

Kulturrosa 2019 til Anne Marie Skurtveit og Inge Åsebø

Foto: Arthur Kleiveland
Kulturrosa vert gitt til ein person som gjer ein serskild innsats for folk i sitt nærmiljø, og skal vere eitsymbol og teikn på at innsatsen vert lagd merke til og sett pris på.
Publisert: 27.08.2019
Sist endra: 27.08.2019

I 2019 går Kulturrosa til eldsjelene Anne Marie Skurtveit og Inge Åsebø, som mottok den velfortente heideren under Kystsogendagane på Holmeknappen 25. august.

Anne Marie Skurtveit har i heile sitt vaksne liv drive frivillig arbeid innan både helse og kultur, to område som heng tett saman. Ho har vore krumtappen i ei mengd arrangement i Meland kommune. Blant anna har ho hatt årelange styreverv og ansvarsoppgåver i Alverkoret (tidlegare Songkoret Vågen), LHL Meland og Musikkens venner Nordhordland. I tillegg har Anne Marie spela ei aktiv rolle i lokalpolitikken.

Inge Åsebø er ein aktiv kulturperson frå Rossland krins. Han er oppteken av og engasjert i å skapa eit godt miljø i bygda si, og er mellom anna ein av eldsjelene bak vaksenkafeen i ungdomshuset på Rossland. Han lagar kiper, skåler og anna treverk ut frå gamal tradisjon, som få andre kan – til glede for både bymann og stril. Glede skapar han også frå scena, som dyktig teater- og revyartist. Han er medviten på og tek vare på den lokale dialekten.

Meland kommune takkar Anne Marie og Inge hjarteleg for innsatsen og engasjementet, og ønskjer lukke til med framtidige prosjekt og dei gode opplevingane arbeidet deira fører med seg!