HeimNyheiterKulturprisen og Kulturrosa 2019 - nominer din kandidat!

Kulturprisen og Kulturrosa 2019 - nominer din kandidat!

Kulturrosa
Du kan no nominere kandidatar til Kulturprisen og Kulturrosa 2019.
Publisert: 05.07.2019
Sist endra: 05.07.2019

Kulturprisen

Kvart fjerde år deler Meland kommune ut Kulturprisen, og 2019 er eit slikt merkeår. Kulturprisen er ei utmerking for særleg fortenestefull og aktiv innsats for kulturlivet i kommunen gjennom lengre tid, til ein person eller lag/organisasjon med tilknyting til kommunen. 

Kjenner du til nokon du meiner fortener denne heideren?

Send ditt forslag med grunngjeving til postmottak@meland.kommune.no innan 15. august, og merk med «Kulturprisen 2019».

Nominasjon kan også sendast i posten til Meland kommune, postboks 79, 5906 Frekhaug.

Kulturrosa

Du kan også nominere kanditatar til Kulturrosa 2019. Kulturrosa vert kvart år gitt til personar som gjer ein særskild innsats for folk i nærmiljøet sitt, og er eit symbol og teikn på at innsatsen vert lagt merke til og sett pris på.

Kven meiner du fortener Kulturrosa 2019?

Send nominasjon med grunngjeving til postmottak@meland.kommune.no innan 15. august, og merk med «Kulturrosa 2019».

Nominasjon kan også sendast i posten til Meland kommune, postboks 79, 5906 Frekhaug.