HeimNyheiterKulturprisen 2015-2019

Kulturprisen 2015-2019

Bjarte Leithaug har i mange tiår gleda barn, unge og vaksne med sine folkekjære songar og konsertar, både i lokalsamfunnet og elles i landet. Han har eit sterkt og inkluderande engasjement for korsong, konsertopplevingar og musikkglede, og er ein framifrå ambassadør for Meland kommune.

Svein Arne Dale og Trond Egil Soltvedt har gjort ein formidabel innsats for idretten i Meland, til glede for tusenvis av barn og unge. Med eit engasjement og ei dugnadsånd utanom det vanlege set dei Meland på kartet og gjer kommunen til ein betre stad å bu i.

Også Trond Mohn fekk heider på laurdag, då ordførar Øyvind H. Oddekalv overrekte ein flott 1-tomsnavar som takk for gåvene Mohn har gitt i kommunen vår. Navaren er eit symbol på Meland, og handsmidd på tradisjonelt vis.

Foto: Martin Årseth

 

Foto: Anja Fanebust


Sist oppdatert: 09.09.2019
Publisert: 09.09.2019