HeimNyheiterKartverket sluttar å produsere og sende ut adressemerker 11. desember 2018

Kartverket sluttar å produsere og sende ut adressemerker 11. desember 2018

Til deg som byggjer eller skal flytte inn i større bygg med fleire einingar. Du må no sjølv syte for å skaffe adressemerker til inngangsdøra di.
Publisert: 26.10.2018
Sist endra: 23.11.2018

Lovregulert merking

Sjølv om Kartverket avsluttar trykking og utsending av adressemerker, ligg det fortsatt eit krav om at brukseiningar (til dømes leiligheiter) som har inngang til leiligheita si innanfor ein felles ytre inngang som har gateadesse, skal merkast med adressemerker. Dette gjeld også i større bygg med fleire brukseiningar til andre føremål enn bustader - til dømes kontor. Den offisielle adressa til slike einingar består både av gateadresse og brukseiningsnummer slik dømet på adressemerker viser.

§ 57 tredje ledd i matrikkelforskrifta seier «Eier, fester, beboer eller tiltakshaver skal merke bruksenhet som er tildelt egen offisiell adresse, med adressemerke. Merket skal settes synlig på eller ved inngangsdøren for bruksenheten.»

Ifølgje kommentaren til forskrifta er eigar, festar, bebuar eller tiltakshavar ansvarleg for at brukseininga vert merka etter gjeldande reglar. Adressemerka skal vera sett opp før bruksløyve vert gjeve.

Korleis skal adressemerka sjå ut?

Adressemerke skal innehalda informasjon om bustaden si vegadresse, altså vegnavn og -nummer. I tillegg skal leiligheita/ brukseininga sitt brukseiningsnummer stå på. Teksten må vere tydeleg og lett å lesa.

Kvar kan eg kjøpe adressemerker?

Kartverket tilrår å bestille dørskilt med adressemerke hjå ein profesjonell aktør, då det gjev dei mest haldbare skilta. Innhaldet på skiltet endrar seg ikkje i dei tilfelle det kjem nye bebuarar i leiligheitene. Adressa vert den same, og skiltet kan stå igjen på/ved døra ved flytting.