HeimNyheiterInnspelsmøte til næringsutvikling i Alver kommune

Innspelsmøte til næringsutvikling i Alver kommune

Ordførar Øyvind H. Oddekalv og næringssjef Tanja Hoel inviterer til innspelsmøte i Rådhuset på Frekhaug, Meland kommune, måndag 27. mai 2019 klokka 14.00 til 16.00.
Publisert: 13.05.2019
Sist endra: 13.05.2019

Hvis din organisasjon eller verksemd har innspel til kommunen sitt arbeid med næringsutvikling, vil vi gjerne høyre frå deg. Vi er særleg interessert i korleis kommunen kan styrkje si rolle som tilretteleggjar og samarbeidspartnar for lokalt næringsliv. Område det kan vere behov for styrka innsats og korleis vi i felleskap kan styrkje innsatsen på næringsutvikling, som:

  • Infrastruktur og samferdsel
  • Næringsareal
  • Forvaltning (byggjesaker og plan)
  • Næringsutvikling
  • Service og informasjon
  • Dialog og samarbeid med næringslivet

Ordførar Øyvind H. Oddekalv vil ønske velkomen. Næringssjef Tanja Hoel vil halde ei innleiing om arbeidet på næringsutvikling i Alver kommune. Deretter opnast det for dialog og munnlege innlegg.

Møte vil ikkje vere anledning for å gå inn i enkeltsaker. Vi bed om at innlegg forholder seg til denne avgrensninga.

Påmelding til leiar for næring og utvikling i Alver: tanja.hoel@lindas.kommune.no innan 20. mai 2019. Det er også mogleg å gje skriftleg innspel.

Skriftlege innspel må sendast til tanja.hoel@lindas.kommune.no  innan 30. mai 2019 og merkast med "Innspel Næringsutvikling" i emnefeltet. Vi bed om at innspel ikkje overstig éi A4 side

Obs: Alle innspel er offentlege, jf. offentleglova.