Influensavaksinen kjem i slutten av oktober

Kommunen inviterer til influensavaksinering på gamle Alversund skule frå 24. oktober. Tilbodet er for innbyggjarar i risikogruppene og er gratis.
Publisert: 07.10.2022
Sist endra: 02.11.2022

Folkehelseinstituttet (FHI) ber befolkninga i Noreg om å førebu seg på ein kraftig influensasesong, og anbefaler alle i risikogruppene å vaksinere seg mot influensa.

Dersom du ønsker kan du få oppfriskingsdose med koronavaksine samtidig med influensavaksinen. Du kan også velje å berre ta ein av vaksinane.

Er du i ei risikogruppe?

  • Alle frå 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester). Gravide i første trimester som har annan tilleggsrisiko skal også få tilbod om influensavaksine.
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødd før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med:
  • Diabetes type 1 og diabetes type 2
  • Kronisk lungesjukdom, hjarte- og karsjukdom, leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (kroppsmasseindeks over 40)
  • Annan alvorleg eller kronisk sjukdom som legen din meiner kan gjere deg ekstra utsett ved influensa

FHI anbefaler i tillegg at desse gruppene tar influensavaksinen:

  • Helsepersonell og andre tilsette med pasientkontakt
  • Personar som bur ilag med immunsupprimerte pasientar
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar

Trykk her for å bestille time til vaksinering på kommunen sine vaksinedagar på gamle Alversund skule (adresse: Nedre Alver 2).

Passar ikkje tidspunkta på dagtid for deg, eller treng du hjelp til å bestille time, kan du ringe 56 37 59 19.

Bebuarar på sjukeheim og i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning får tilbod om vaksinen der dei bur.

Vaksinering hjå fastlegen din

Er du i ei av risikogruppene, kan du få influensavaksine hjå fastlegen din dersom du alt har ein time. Sjølve influensavaksinen er gratis, men fastlegen kan ta eit gebyr for arbeidet med vaksineringa.

Du kan samtidig be om å få den andre oppfriskingsdosen av koronavaksinen, denne skal du ikkje betale for.

Barn

Har du barn mellom 0-5 år som er i ei av risikogruppene, kan du ringe
56 37 59 19 for å avtale tidspunkt for vaksinering. Dei får vaksinen på helsestasjonen. 

Alle barn under 16 år må ha samtykke frå føresette.
Trykk her for samtykkeskjema.

Gravide

Gravide kan få influensavaksine hjå jordmor eller fastlege på allereie avtalte timar, eller på gamle Alversund skule.

Vaksinering på apotek

Fleire apotek tilbyr influensavaksine også til innbyggjarar som ikkje er i risikogruppene. Kontakt ditt aktuelle apotek for å finne ut kva tilbod dei har. På apoteket må du betale for influensavaksinen.

Trykk her for å lese meir om influensavaksinen på helsenorge.no.