HeimNyheiterICDP-kurs våren 2019

ICDP-kurs våren 2019

Meland kommune vil i mars 2019 starte ei ICDP-gruppe for foreldre til ungdommar (11-18 år).
Publisert: 07.01.2019
Sist endra: 12.03.2019

ICDP (International Child Development program) er eit lågterskeltilbod for foreldre. Gjennom programmet kan foreldre møtast i gruppe for å utveksle erfaringar og reflektere over eigen omsorgspraksis. Det vil leggjast opp til eit respektfullt og omsorgsfullt miljø.

Målsetjinga er at den enkelte forelder skal finne tryggleik og stadfesting på at ein er gode foreldre ved å bli bevisst på kva ein gjer som er bra for barna. Det vert ikkje gjeve noko oppskrift, men hjelp til å finne sine eigne løysingar. Foreldra er dei viktigaste omsorgsgjevarane i barnet sitt liv.

Dette vil føregå tysdagar frå klokka 18.00 – 20.00, frå 05. mars til 30. april 2019 (unnateke 09. april og 16. april, og med atterhald om endringar). Kurset vil føregå på norsk, men tolk kan leigast inn ved behov.

Gruppeleiarar: Anette Hesjedal (prosjektleiar, Meland kommune) og Van Ly Nguyen (kommunepsykolog, Meland kommune).

Stad: Meland rådhus

ICDP har 3 hovudmål

  • Å fremje den positive oppfatninga av og holdninga til ungdommen
  • Å påverke omsorgsgjevar si forståing av kor viktig samhandlinga mellom omsorgsgjevar og ungdommen er for ungdommen si utvikling
  • Å fremje omsorgsgjevar si oppfatning av seg sjølv som kompetent og meistrande

Tema på samlingane

Åtte tema vert gjennomgått i løpet av sju samlingar: 
Samling nummer Dato Tema
1 05.03.2019 Oppstart
2 12.03.2019 Følelsar: Vis at du er glad i ungdommen din
3 19.03.2019 Følelsar: Sjå og følg ungdommens initiativ
4 26.03.2019 Følelsar: «Ta del i ungdommens følelsar» og «Gje ros og anerkjenning»
5 02.04.2019 Forstå: «Felles merksemd, felles oppleving», «Gje meining til opplevingar» og «Lag samanhengar»
6 23.04.2019 Regulere: a) Hjelp til sjølvhjelp, b) Støtte, c) Leggje til rette, d) Setje positive grenser
7 30.04.2019 Oppsummering av kurset

Ved endringar i programmet (avlysingar, datoendringar, tema) vil samtlege deltakarar få beskjed.

Påmelding

Påmelding på e-post til: anette.hesjedal@meland.kommune.no

Ver venleg å skriv namnet ditt, den andre føresette sitt namn (eller den andre som skal vere med), om du treng tolk, barnet sitt namn/fødselsdato, og din kontaktinfo (telefonnummer), så vil vi ta kontakt med deg så fort som mogleg.

NB: Ver venleg å ikkje send sensitiv informasjon på e-post!

Påmeldingsfrist: 17. februar.

Forventningar til deltakarar

Vi ønskjer i utgangspunktet at begge dei føresette for barnet er med. Dersom dette ikkje let seg gjere, er det tilrådd at ein annan blir med (besteforelder, ein barnet omgåast med ofte eller liknande). Det vert også forventa at ein aktivt deltek i gruppa.

NB: Samlingane er obligatoriske. Det er difor viktig å setje av tid til kursdatoane.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

Informasjon om ICDP

Meland kommune har eit fokus på helsefremjande og førebyggjande arbeid for barn og unge.

ICDP (International Child Development Program) er eit enkelt helsefremjande og førebyggjande program som har som mål å styrkje omsorgen og oppveksten for barn og unge. Du kan finne meir informasjon på Bufdir sine heimesider. 

Å komme inn så tidleg som mogleg for å støtte foreldre i sin omsorgsrolle, er difor ei viktig oppgåve. Ved å styrkje samspelet mellom foreldre og barn kan en førebyggje utvikling av vanskar på eit seinare tidspunkt. Som foreldre har vi mange gleder og utfordringar, og i ein travel kvardag blir det lite tid til å tenkje over korleis vi er som foreldre, og over kor viktig vi er for barna våre. 

ICDP legg til rette for at foreldre kan møtast og dele erfaringar, drøfte gleder og utfordringar når det gjeld forholdet mellom barn og foreldre. Du vil ikkje få nokon oppskrifter, men hjelp til å finne dine løysingar for det og ditt barn- gjennom samtalar og øvingar i gruppa, og idear eller oppgåver du prøver ut heime med barnet ditt. Målsetjinga er å finne tryggleik og stadfesting på at vi er gode foreldre ved at vi er meir bevisste på kva vi gjer som er bra for barna.