HeimNyheiterHugs bålforbodet

Hugs bålforbodet

Frå 15. april til 15. september er fara for å forårsake gras- og skogbrannar normalt større enn elles i året. Det er i dette tidsrommet forbode å tenne opp bål og grille i eller i nærleiken av skog og anna utmark.
Publisert: 15.04.2019
Sist endra: 15.04.2019

Det er tillate å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann, men all bålbrenning utførast på eige ansvar.

Ver svært varsam ved bruk av eingongsgrill. Slike er ofte årsak til gras- og skogbrannar. Plasser aldri eingongsgrillar på brennbart underlag. Brukte eingongsgrillar må sløkkjast grundig med vatn og leggjast i eigen metallbehaldar etter bruk.