HjemNyheiterFrivilligprisen til Bjørn Terje Thomassen

Frivilligprisen til Bjørn Terje Thomassen

Bjørn Terje får prisen for mange års innsats i Radøy idrettslag og ei rekke større dugnadsprosjekt.
Publisert: 13.12.2022
Sist endra: 13.12.2022

Alver kommune sin frivilligpris går til einskildpersonar eller lag og organisasjonar som har vist ekstrainnsats og engasjement innan kultur, idrett, friluftsliv, humanitært eller helserelatert arbeid – til det beste for innbyggjarane i kommunen.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad overraska Bjørn Terje Thomassen med Frivilligprisen 2022 på eit styremøte tysdag 13. desember.

Les heile grunngjevinga her

Årets mottakar av Alver kommune si frivilligpris for 2022 har  gjennom heile sitt vaksne liv vore svært sentral i Radøy idrettslag på Sletta og i Austmarka, Sæbø. 

Han var i mange år ein sentral spelar på Radøy sine fotballag frå aldersbestemt fotball til A-laget og seinare old boys-fotball. Dei aller fleste åra var han ein av dei som scora flest mål for laget. 

Han har i ei årrekkje vore trenar/lagleiar for både aldersbestemt fotball og for A-laget. 

Den største innsatsen har han likevel lagt ned gjennom sitt mangeårige dugnadsarbeid. Prosjekt han har leia eller vore med på dugnad på er:

  • Etablering av fotballbanene på Sletta (1998-2000) og i Austmarka (1989-1991). 
  • Bygging av Samfunnshuset «Skogen» (1978-1980) og etterkvart styremedlem i samfunnshuset.  
  • Dugnad i samband med reising av Vestnorsk Utvandringssenter 
  • Tilrettelegging av turstiar i nærområdet på Sletta 
  • Drift og vedlikehald av grasbana på Sletta.  
  • Bjørn Terje Thomassen fekk alt i 1983 Radøy idrettslag sitt heidersteikn for sin store innsats både sportsleg og administrativt  

Bjørn Terje er eit JA-menneske. Hans lune vesen og positive haldning gjer han til ein svært sentral person i Radøy idrettslag.  

Det er aldri nei i hans munn om han berre kan stilla til innsats. 

Årets mottakar av Frivilligprisen 2022, er Bjørn Terje Thomassen, for framifrå innsats gjennom mange år.

 

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad overraska prisvinnar Bjørn Terje Thomassen med Frivilligprisen 2022 på eit styremøte.

Ordførar Sara Hamre Sekkingstad overrakte Frivilligprisen 2022 til Bjørn Terje Thomassen på eit styremøte.