HeimNyheiterTa vare på molda! - ny dato

Ta vare på molda! - ny dato

Seminaret med Dag Jørund Lønning den 25.03.19 er flytta til 01.04.19.
Publisert: 12.03.2019
Sist endra: 19.03.2019

Merk ny dato: 01. april 2019, klokka 18.00
Stad: Lindås bibliotek, Knarvik

Den viktigaste nøkkelen til ei berekraftig framtid finst i kvarmannsens hage. Me trør på den dagleg.

Nøkkelen er mold, hevdar Dag Jørund Lønning. Han er professor og rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling på Jæren. Han vart kåra til Årets landbruksbloggar i 2014 og Årets bygdeprofil i 2015.

Boka hans «Jordboka» har skapt stort engasjement og brei interesse for det biologiske samspelet i molda og korleis menneske kan spele på lag med dette. No kjem «Jordboka II» – om korleis mennesket kan gå frå å vera naturøydeleggjar til å bli naturbyggjar.

Arrangørar: Strilabiblioteket i samarbeid med Glade bønder.