HeimNyheiterBetydeleg folkevekst i Meland

Betydeleg folkevekst i Meland

Meland har i 3. kvartal 2018 ein vekst i folketalet på 35 personar.
Publisert: 22.11.2018
Sist endra: 22.11.2018

Ordførar Øyvind H. Oddekalv seier det er veldig gledeleg at Meland kommune får ein fin oppsving i folketalet med 35 personar i 3. kvartal. Dette gir oss ein auke på 50 til no i år og det er stort sannsyn for at vi når budsjettmålet for 2018, som er ein auke på 71.

Det er positivt at vi har veldig gode fødselstal, noko som saman med at det blir om lag 100 nye innflyttingsklare bustader neste år gir grunn til optimisme vidare (mellom anna Elvaåsen, Løypetona og Mjåtveitmarka).

Arbeidet med dei første prosjekta i Nordhordlandspakken startar i desse dagar, noko som er avgjerande for at vi får vekst og utvikling i fleire delar av kommunen. I tillegg vil områdeplanen for Rylandshøgda (B_20) bli lagt fram for 1. gongshansaming i januar og det vart varsla oppstart på reguleringa av Ryland (B_11/B_15) i juli, noko som er spesielt positivt for den vidare utviklinga av Vikebø/Rossland.