HeimNyheiterFeil råd om arrangement

Feil råd om arrangement

Alver kommune følgjer dei nasjonale retningslinjene. Dette betyr at det er lov å arrangere kampar og andre tilsvarande arrangement, så lenge dei ikkje samlar folk frå ulike kommunar.
Publisert: 01.05.2021
Sist endra: 01.05.2021

I ei pressemelding fredag ettermiddag viste kommunen til eitt av dei nasjonale råda om arrangement.

Kommunen refererte til rådet om at «alle arrangement og sosiale samankome bør avlysast eller utsetjast», utan å vise til at dette gjeld arrangement «som samlar personar frå fleire kommunar».

– Vi var upresise då vi viste til dette rådet, og beklagar at det vart misvisande. Det var ikkje vår intensjon å innføre eigne reglar for Alver. Vi følgjer dei nasjonale tiltaka, seier rådmann Ørjan Raknes Forthun.

Nordhordland ballklubb avlyste fotballcupen i helga før og uavhengig av feilen i pressemeldinga til kommunen.