HjemNyheiterEndring i fysioterapi-tilbodet på Manger

Endring i fysioterapi-tilbodet på Manger

To av fysioterapeutane på Manger flyttar sitt fysikalske institutt til Vikaneset.
Publisert: 25.10.2022
Sist endra: 25.10.2022

Frå 1. november 2022 til 1. desember 2023 held fysioterapeutane Tanja Resink og Koen Smeding til i lokale på Vikaneset - Vikanesvegen 160, 5994 Vikanes.

Dei flyttar grunna arbeid med nytt institutt på Manger.

På Vikanes blir det terapigruppe for diverse diagnosegrupper og individuell behandling.

Resink og Smeding prioriterer brukarar frå nordre del av kommunen, og tilbyr heimebesøk til brukarar på Manger som ikkje kjem seg til instituttet på Vikanes.

Gruppetilbodet i terapibassenget i Radøyhallen er ikkje endra.

Bur du på Manger og vil gå til ein fysioterapeut i nærleiken, kan du bestille time hjå Hans Atle Svenheim, som held til på Manger, eller Øyvind Mellingen hjå Bøvågen fysioterapi.

Trykk her for oversikt over fysioterapeutar i kommunen.